Zapping

kr200.00

Eit manuskript blir ein dag funne i ei nattbordskuffe på Margaretaheimen, der Celines demente mor, som glir inn og ut av hukommelsen, bur på slutten av livet. Til si forundring oppdagar Celine at manuset handlar om henne, sett gjennom mora sine auge, eller slik mora trur livet til dottera har vore. Ikkje minst legg ho vekt på ein ferietur til Paris der Celine er saman med ei barndomsvenninne. Her avdekker ho konkurranse og sjalusi som sterke element mellom dei to kvinnene som då er i trettiåra.

Rammeforteljinga tek opp eit emne som er lite belyst i litteraturen: livet til demente som lever på sjukeheim. Gjennom den eldre kvinna møter vi tilsette på Margaretaheimen og dottera Celine, og i den samanhengen kjem vi nær eit mor-dotter-forhold der det meste er snudd opp-ned i høve til tidlegare i livet.

Zapping er ei bok som gjennom dramatikk og sterke kjensler tek opp relasjonar på godt og vondt mellom kjønn, venner, foreldre og barn.Romanen har fleire møtestader i den ytre handlinga, og vi treffer hovudpersonen Celine i ulike fasar av livet. Geografisk er boka delt mellom Frankrike og Norge

Kategori: