Tor med hammaren, forestilling/workshop

Kategori:

Beskrivelse

Dette er ei humørfylt, leiken formidling, full av energi og påfunn – ei av dei godt kjende historiene frå norrøn mytologi, om den gongen tordenguden Tor mista hammaren sin.

Denne produksjonen har vore på turné i Den kulturelle skolesekken i mange år, her som ein 4-timers workshop.

Historia eignar seg like godt for eit vaksen- publikum, eller gjerne barn og vaksne saman, enten som rein forteljarforestilling, eller med publikum som aktive deltakarar undervegs i formidlinga. Forestillinga vil då vare ein times tid.

Som medlem av Forfattersentrum nyttar eg deira takstar, ta kontakt, så blir vi einige.