Jonas og Judith, sola og snøen

Kategori:

Beskrivelse

Boka er initiert av Melanomforeninga, Noreg, i samband med prosjektet «Solsikker».

Hovudtema i boka er korleis vi kan forebygge solskader på huda, ha det kjekt ute i sola og likevel vere «solsikre».

Ønskjer du å kjøpe boka finn du ho på www.solsikker.no

Forfattaren av boka, Olla Rypdal, har også eksemplar for salg: www.olla.no

Pris: kr 249,-

 

Om boka:

«Juhuuu! Ut av vegen, her kjem eg!» Saman med Judith leiker Jonas seg i snøen og hopper på ski. Det er påskeferie, og dei er på hyttetur på fjellet. Sola skin.

Tidleg ein morgon ser Jonas på seg sjølv i spegelen. Kva er det som har hendt med fjeset hans? Han er heilt raud! Kinna kjennes varme og stive, dei svir.

Jonas og Judith opplever både spenning og utfordringar. Saman med morfar legg dei ein hemmeleg, solsikker plan.

Morfar fortel også ei spennande historie om korleis årstidene blei til ein gong for lenge, lenge sidan.

Boka rettar seg mot aldersgruppa 5-9 år.