Amulettmysteriet. E-bok og nedlastbar lydfil kan kjøpast på dei fleste nettbokhandlane (papirutgåva er utseld)

Forside til ‘Amulettmysteriet’ – design: Tarjei Rypdal Eide
Produktnr: 1 Kategori:

Beskrivelse

Første bok i serien om Anna og hunden hennar, Kaspar. Alder: 9-13 år. Nynorsk.

Forlagets omtale:

Anna er saman med mor og far på båttur. Dei har kome til Ørnøya – ei lita, roleg øy. Så roleg at Anna tenkjer det må vere den aller kjedelegaste staden i heile verda å feriere på. Saman med Kaspar Bullterrier går Anna på tur, det er det einaste dei kan finne på.

Men så hender det underlege ting på øya. Kven er det som gøymer seg ved det gamle fraflytta fyret? Og kven er det som bryt seg inn i huset til Esther, den nye venen til Anna, og kvifor?

På pensjonatet Havgløtt bur det gjestar som tydelegvis har noko å skjule. Samtidig får vi vite at det skjer mystiske ting i byen Brazzaville i Republikken Kongo. Kan det som skjer der ha noko med det som hender på Ørnøya å gjere?

Når Siri og Erik også kjem til øya blir det fart på sakene, og snart er Anna og dei to venene hennar midt oppi eit spennande mysterium der ein gammal amulett spelar ei viktig rolle.