Det nye året er i gang! Kaldt og fint vintervêr, litt meir dagslys for kvar dag. Hundane er glade og galne, og då er det uråd å ikkje la seg rive med. Leik er livsviktig og ei evig kjelde til glede og kreativitet!
Denne første veka handlar om førebuingar til turnéane som blir sparka i gang veka etter. I dag har eg kost meg med å gå gjennom den gamle kofferten med alle boksane skal opnast av ivrige elevar. Kvar boks fylt med det som skal bli til spennande historier. Eg humrar og ler for meg sjølv der eg leikar og pønskar ut nye spor og gåter, ledetrådar som skal føre oss inn i det ukjende. «Laboratorium for finurlege forteljingar» er i rute — eg gler meg!
Det som har vore tungt dette året er det som har med marknadsføring av bøkene å gjere. Eg har rett og slett kjent eit stort ubehag ved å stikke fram hovudet og vifte med bøkene i tenkjelege og utenkjelege samanhengar. Ingen bøker sendt ut i håp om omtale, ingen arrangement med boksal som tema. Denne modusen er verre å komme ut av, for eg har ei kjensle av at uansett kva eg gjer eller finn på, vil bøkene vere usynlege og drukne i det store bokhavet.
I Noreg har vi no 1600 forlag. Berre i 2022 kom det 189 nye. Det er fantastisk at vi har slikt eit bokmangfald i Noreg, at så mange skriv! Berre så synd at dei fleste bøkene på dei små forlaga er usynlege og ukjende. Bokhandlane treng å drive «butikk» og sel bøker frå kjende forfattarar frå dei store, etablerte forlaga. Det er no ein gong slik vi er skrudd saman, vi veit kva vi får når vi vel det kjende, og vegrar oss for å våge oss på nye, ukjende lesevegar.
Eg blir nok i «bobla» mi ei stund til, så får eg sjå om eg vågar å stikke meg fram igjen når neste bok kjem ut.
Men tusen takk til biblioteka våre! Dei er den største faktoren for mangfald når det gjeld bøker – og sanneleg veit bibliotekarane kva som rører seg, også. Til og med til denne vesle mikroen Olla Forlag tikkar det inn bestillingar rett som det er. Det er gledeleg, for då veit eg at bøkene blir lest av nokon, trass i min manglande innsats.
Uansett dårlege marknadsføringstiltak er skrivemoduset som alltid påkopla — det kjem nokre ord, setningar, sider og kapittel kvar dag. Som vanleg liker eg best å sjonglere mellom fleire prosjekt. Research i Sør-Afrikanske utgravingsfelt og studier av San-folkets spennande mytologi, vekslar med funderingar om ei fiolinkasse som innheld noko heilt anna enn ein fiolin — og utforsking av kloakknettet under ein kjend, stor by. Eg leikar meg altså her også.
I det store og heile er det mykje kjekt som ventar — berre eg passar på å leike!