Denne stakkars heimesida mi har gått for lut og kaldt vatn ei stund. Innehavaren tar seg no eit skippertak, der kanskje til og med sosiale media skal få seg eit lite løft. Det er gjerne slik at når ein er opptatt med det å skrive, eksperimentere med og utforske mulegheiter i alle desse historiene eg arbeider med, er det lett å gløyme at eg også driv butikk og er avhengig av marknadsføring. Og ja, eg veit at det er viktig. Men slik er det altså med mine avgrensingar. Historiene får først og fremst fokuset mitt – elles hadde nok aldri blitt noko bok.
Akkurat no har eg det travelt oppi hovudet, for heile fire bøker slost om fokusplass. To av dei greier eg heldigvis å halde litt lenger bak i tankerekka, ei er langt på veg ferdig, og ei er snart klar i førsteutkast.
Men det som no er ekstra stas, er at turnésesongen startar! Eg gler meg som den ungen eg er. Å vere på turné med Den kulturelle skolesekken og møte dei flotte ungane er noko av det aller kjekkaste eg veit. Det er eit privilegium.
Dette skuleåret er det produksjonane «Tor med hammaren» og «Laboratorium for finurlege forteljingar» som skal få lufte seg – først ut er «Tor med hammaren».
Desse to produksjonane er tilrettelagt for skulane, men begge egnar seg like så godt til opne forestillingar og workshops for både barn og vaksne. Begge kjem etter kvart under fana BUTIKK, og kan bestillast og kjøpast inn til ulike arrangement og hendingar.
Enn så lenge: ønskjer alle ein fortsatt god søndag og ei fabelaktig komande veke!