For nokre år sidan fann dotter mi ein femkløver. Han blei liggjande i press under ei tung krukke her heime. «For ei lykke!» tenkte vi alle.
Femkløveren blei gløymd, heilt til eg her ein dag skulle flytte på den tunge krukka. Dottera mi og eg hadde ein liten samtale rundt denne gløymde femkløveren og kva lykke han kan ha ført med seg. For mens ein firkløver gir lykke utan atterhald, er det noko meir komplisert med ein femkløver. Her må finnaren, eller eigaren – eg har nemleg no fått eigarstatusen til dette vidunderet – i følge folketrua komme med ei motyting for at lykkekrafta skal slå til. Ein må kvitte seg med ein fordom eller to, så skal hell og lykke blomstre!
«Audå», tenkte eg då eg fekk vite dette, eg som nettopp hadde tre ferske, vonde brot i foten, avlyste turnéar i hopetal og mykje moro sett på vent i ubestemt tid framover. Ikkje topp lykketreff der, kanskje.
Dermed var det berre å gå i seg sjølv. Kunne eg ha nokre uoppgjorte fordommar, tru? Eit og anna som hindra hell og lykke?
Eg kom til at eg slett ikkje er fri for denslags, eg heller. No har eg tatt nokre rundar med meg sjølv, mjukna litt i kantane kanskje, der nokre av fordommane var ekstra bastante, og eg trur også eg har blitt kvitt nokre. Dermed er eg klar for all lykka femkløveren no vil drysse nedover meg.
I det same kom eg på at eg vil gje ei femkløvergåve til fleire! Om vi tenker etter: å kvitte seg med fordommar kan føre mykje positivt med seg, også om ein ser bort frå det som har med magi og gammal folketru å gjere.
Du som les dette skal nok få den mentale femkløvereren frå meg uansett kva fordom du vil kvitte deg med – men den største, blankaste, gjevaste femkløveren skal du få , du som hatar nynorsk, og likevel tar ein runde med deg sjølv om kvifor du gjer det. Kven veit, kanskje du endrar meining?
Her er all lykka du skal få med meg, eller femkløveren, om du vil, om du vil gje nynorsken ein sjanse:
- Du får oppleve utruleg mange fine, spennande, morosame, finurlege, triste, glade, fantastiske historier – historier du elles ville ha gått glipp av, sidan du aldri kjem til å få akkurat desse servert på bokmål.
- Du utvidar ordforrådet ditt, kanskje du til og med finn ut at det norske språket har riktig gode erstatningar for engelske ord også!
- Du opnar opp for å forstå kva folk rundt omkring i heile det langstrakte landet vårt seier. Nynorsken hentar frå langt fleire dialekter enn du kanskje var klar over. Kommunikasjon er stikkordet!
- Du utvidar hjernekapasiteten!
- Om du er vaksen og les eller kjøper ei god nynorskbok til eit barn: du gir same gåvene som i punkta over til dei. Vinn-vinn!
- Dessutan er det slik at barn på skulen MÅ lese nynorsk. Kvifor ikkje sørge for at dei får lese gode, nynorske bøker som gir dei gode opplevingar? Dropp dine eigne dårlege erfaringar frå då du var liten – la barna sjølve få gjere seg opp ei meining.
Lykke til med femkløverlykka – og takk for at du tar ein nynorsk tankerunde!
God, humoristisk, smilande helg!