Publisert på

Desse produksjonane kan bestillast!

TOR MED HAMMAREN

Dette er ei humørfylt, leiken formidling, full av energi og påfunn – ei av dei godt kjende historiene frå norrøn mytologi, om den gongen tordenguden Tor mista hammaren sin.

Denne produksjonen har vore på turné i Den kulturelle skolesekken i mange år, her som ein 4-timers workshop.

Denne historia eignar seg like godt for eit vaksen- publikum, eller gjerne barn og vaksne saman, enten som rein forteljarforestilling, eller med publikum som aktive deltakarar undervegs i formidlinga. Forestillinga vil då vare ein times tid.

Som medlem av Forfattersentrum nyttar eg deira takstar, ta kontakt, så blir vi einige.

LABORATORIUM FOR FINURLEGE FORTELJINGAR

På ein benk i Hyde Park i London, står ein gammal, forlaten koffert. Kvifor står kofferten akkurat der? Kven eig han? Kor har det blitt av eigaren? 

Med denne mystiske kofferten og innhaldet i han som ramme, skal vi saman løyse mysteriet, lage historia, finne hovudpersonar, snakke om element i forteljingar og bøker som «cliffhangar» og frampek —  kva som er spennande i bøkene vi les, og kva som kan inspirere til å skrive historier. 

Dette er litteraturformidling/historieforteljing i kombinasjon med at deltakarane er med-diktarar.

Målet er å opne opp for fantasien, styrke assosiasjonsevna og samtidig handtere og bevisstgjere seg berande strukturar og element i oppbygga av ei historie. Konkret erfaring og positive opplevingar med ord, historieskaping og språket, styrker eigen vurderingsevne og kjennskap til litteratur, noko som treng særleg fokus i ei omfattande «skjerm»-tid.

Dette er i utgangspunktet ein DKS-workshop som varer 1,5 time. Men opplegget eignar seg godt i andre forum også, gjerne vaksne og barn saman.

Som medlem av Forfattersentrum nyttar eg deira takstar, ta kontakt, så blir vi einige.

Ei lita oppsummering av verksemda mi dei siste åra:

Eg har teater-og pedagogutdanning, og har arbeidd i mange år ved kulturskulen i Vestnes, både som teaterlærar og lærar i skrivekunst. Seinare har eg vore innleidd til ulike prosjekt ved skulen og andre kulturskular i fylket. Ei tid var eg dagleg leiar ved Jugendteateret i Ålesund, seinare teaterkonsulent for Kulturskolerådet nasjonalt, med særleg ansvar for nysirkusprosjekt. Eg har også arbeidd som teater-og litteraturansvarleg for DKS Møre og Romsdal i fleire år. 

Heile tida har eg parallelt arbeidd med eigne produksjonar innanfor historieforteljing, forestillingar og/eller workshops  – åleine – eller i samarbeid med andre utøvarar innanfor andre kunstuttrykk (musikk, dans, animasjon, visuell kunst). T.d. Kjiko, kjiko let felestrengjin, Det blå egget, Den raude tråden, Ofelias skyggeteater, Vesle Harlekin, Lysegget, Fire furier fortel, Arakne, Utanforverda, Tor med hammaren, Animert spenning, Spøkelseshuset, Medaljongen, Forteljingar på f, Den gamle kofferten, Laboratorium for finurlege forteljingar, m.fl. 

Desse har turnert i skular og barnehagar gjennom DKS og som eigne opne arrangement.

I verksemda mi som sjølvstendig næringsdrivande tar forfattarverksemda mesteparten av tida, alternert med  turnéar for DKS og andre kurs, workshops, prosjekt og arrangement. 

Eg har gitt ut 10 bøker, 9 av dei for barn/ungdom: utandørs i nordvestBirgers odyssé, Amulettmysteriet, Det gamle slottet, Kodemysteriet, Mysteriet ved Hangman’s Hill, Nattvogna, Tippoldefar Jakobs julekort, Klokkemakar Alfreds mysterium og  Jonas og Judith, sola og snøen.