Det er endring i bokbransjen. Nokre få store aktørar står for den største prosenten av bøker som kjem ut på bokmarknaden kvart år. Men innimellom dette veks det fram en flora av indieforfattarar og indieforlag. Slike små aktørar er sjølvsagt ikkje like synlege i mediebildet og i butikkane som dei store aktørane. Dei økonomiske musklane til småforlaga kan ikkje måle seg med marknadsføringsapparatet dei store forlaga kan vere ein del av.
Men bøkene kan vere like gode i kvalitet, like hjarteleg fortalt til lesaren.
No har tre små aktørar slått seg saman om å presentere / formidle kvar vår bok på ein felles arena / evenement. Målet er å ha det klart i februar 2019. Når og kor det blir, kjem vi tilbake til.
Lin-Marita Sandvik, Elin Helland Johansen og Olla Rypdal med forlaga Sandvikbok, Knasteriet og Olla har tatt utgangspunkt i det vi har felles: vi har alle gitt ut bildebok på nynorsk.
No lagar vi ein felles presentasjon / formidling av bøkene våre.
Første forfattar-/forlagstreff var i går – vi gler oss til vidare samarbeid og ønskjer også andre indieforfattarar velkomne til å bli med på laget!