I dag skal det handle om ein «godbit» av ein klassikar, sjølvaste «Dracula»av Bram Stoker.
Eg har det slik at eg ikkje er så lett å få med på trua om overnaturlege vesen, men eg har særdeles lett for å bli entusiastisk av gode skildringar av slike vesen. Myte- og legendestoff er ei spennande materie – noko vi menneske har skildra, dikta og fortalt om i heile menneskeslektas historie.
Det fins utallege bøker og filmar om vampyrar, meir eller mindre fengande, alt etter kva ein ønskjer av underhaldning. Dei fleste er det etter mitt syn lett å hoppe bukk over. Men Bram Stokers Dracula er meisterleg. Boka kom ut i 1847 og er skriven i dagbok- og brevform, ein stil som var vanleg i mange bøker i Viktoriatida. Vi møter den mystiske vampyrgreven Dracula på jakt etter blod i London.
Om bakgrunnen, henta frå Wikipedia:
«Myten om vampyren Dracula skal være basert på den historiske fyrst Dracula av Valakia (1431–1476), også kalt Vlad Ţepeş eller «Vlad spidderen», en nasjonalhelt i Romania fordi han utfordret Det osmanske rike og lenge klarte å holde Valakia uavhengig. Men han var også kjent som en grusom hersker. Navnet «Dracula» betyr «sønn av Dracul», som var tilnavnet til faren Vlad II Dracul. Dette skal ha oppstått fordi faren var ridder av den ungarske Drageordenen, hvis ordenstegn var en drage, og fordi en drage var preget på hans mynter. Undersøkelser av Stokers kilder har vist at Dracula har lite til felles med den «virkelige Dracula» annet enn tilnavnet.Stoker plasserte ham i Transilvania og ikke i hans eget land og reduserte ham også fra fyrste til greve.»
Eg vil tru at mange kjenner handlinga i denne boka, om ikkje kan ein finne meir om innhaldet i ho t.d. på Wikipedia.
Men eg vil nemne ei særskild utgåve av boka: Dracula, Bram Stoker, edited by Paul Riquelme. Case Studies in Contemporary Criticism.
Denne utgåva er for dei som ønskjer å vite meir om tematikken, analysene og bakgrunnen, i eit kritikkperspektiv, for Bram Stokers bok spesielt, og Draculamyten generelt. Mellom anna er boka stappfull av noter og litteraturforslag for å dukke endå djupare ned i stoffet. Eg nemner her t.d.: «Vikram and the Vampire» by Captain Sir Richard F. Burton. The Classic Hindu Tales of Adventure, Magic, and Romance, Edited by his Wife Isabel Burton.
Men å lese sjølve boka, som den underhaldninga det faktisk er – held lenge! Det er den einaste vampyrforteljinga eg faktisk har opplevd å få frysningar av, noko som er Bram Stokers forteneste.