Det er ein fin ting dette – å ha bokhylla som prosjekt i desember månad. Ein blir svært merksam på støvet, sjølvsagt, og får nytta høvet til ein liten omgang med støvkosten – men det som er kjekt er å møte «gamle vener» igjen, bøker ein ikkje har tenkt på dei siste tjue, tretti åra, men som ein ved gjensyn hugsar gjorde inntrykk. Ein er alltid summen av sine aldrar, så fleire av desse bøkene som no freistar til gjenoppleving, kan det hende eg ser på ein heilt annan måte i dag enn for tjue år sidan.
Ein bokserie eg møter igjen med glede er Tor Åge Bringsværds praktverk: «Vår gamle gudelære». I mi bokhylle står berre tre av bøkene i serien – ved gjensyn er det meg heilt ubegripeleg at eg ikkje har skaffa meg alle. Er ein opptatt av mytologi og kunst, representerer desse bøkene eit fantastisk møtepunkt.
I denne serien er det 12 bøker, kvar bok omhandlar eit kapittel – fra då verda blei skapt, til Ragnarok. Kvar bok er rikt illustrert av ein kunstnar: Jan Baker, Stella East, Fam Ekman, Ingunn van Etten, Finn Graff, Dagny Hald, Johanne Marie Hansen-Krone, Hilde Kramer, Therese Nortvedt, Thorstein Rittun, Arne Samuelsen og Gino Scarpa.
Eg er usikker på om desse bøkene er å få i desse første utgåvene enkeltvis, men historiene og mange av illustrasjonane er i alle fall samla i ei bok: Vår gamle gudelære.
«Baksidetekst: For oss er jorda rund, en av mange kloder – i et uendelig univers.Vi vet at himmelen er uten grenser, at solen bare er en stjerne – også den en av mange.
Bak hver gåte vi løser, finner vi nye. Men vi vil alltid søke videre. Det er det som gjør oss til mennesker. Vår nysgjerrighet. Vår trang til å finne en forklaring. Til å forstå. Til å gi navn til alt vi ser og opplever.
Hver tid har sine forklaringer, sin måte å se verden på. I denne og andre bøker skal vi forsøke å vise hvordan de gamle nordmenn tolket livet og tilværelsen. Vi skal tusen år tilbake i tiden – gjøre små streiftog inn i det som med et fremmedord heter norrøn mytologi, men som vi like gjerne kan kalle vår gamle gudelære»