Publisert på

Julekalender: 12. desember

Vi er igjen i bokverda retta mot barn. Dagens bok er klassikaren «Morgentåkedalen» av Jan Debritz og Ronald Jakobsen (ill.) Boka kom i norsk utgåve første gong i 1981.

Boka handlar om Morkel Mosetuss som bur i ei trygg hole i skogen saman med venene sine, dei andre mosetussane. Ei natt har Morkel Mosetuss ein draum: han ser ein fantastisk, lysande kjempesopp! Han veit at denne soppen må han finne, slik at han kan bli rik og berømt. Ein slik kjempesopp er nemlig ein umåteleg rikdom for ein mosetuss. Sopp er livretten deira! Morkel får med seg vener på vegen for å leite opp soppen, men snart vågar dei ikkje bli med lenger, og Morkel held fram på reisa åleine. Som i alle eventyr møter han farer og medhjelperar. Den klassiske «Mentoren» dukkar opp i skapnaden til gamle kong Trerot, den klokaste av alle i skogen. Kong Trerot minner Morkel Mosetuss på at det fins viktigare ting i livet enn sopp, men kva det er må han sjølv finne ut. Morkel finn soppen. Men så dukkar den største faren av dei alle opp: Grumlaren!  På reisa har vi saman med Morkel høyrt stega hans, sett frykten han sprer, som skogens mørke makt. I det Morkel ser skatten framfor seg oppdagar han at Lyngtuslaren Lindor og venene hans er i ferd med å bli tatt av Grumlaren. Det er her Morkel blir stilt opp mot det avgjerande valet om å få rikdom og ære – eller å hjelpe nokon som er i naud. Morkel vel det rette, han vil berge Lindor Lyngtuslaren og venene hans. For å hindre at Grumlaren tar Lindor, vil Morkel som siste utveg ofre seg sjølv, men i siste liten kjem medhjelparar til unnsetning – og alle kjem seg trygt inn i hola til Morkel og dei andre mosetussane, mens den rasande Grumlaren rømmer langt vekk.

 

Ein kan sikkert stille spørsmål om overtydeleg «pedagogisk» rettleiing om å gjere dei rette vala, og også om dette med tematikken i å ofre seg sjølv. Uansett går denne historia rett inn i det universelle, arketypiske i alle verdas undereventyr – og rører oss. Som i all slik litteratur handlar det om eksistensielle problem som er grunnleggjande og felles for alle menneske – små som store.

 

Illustrasjonane er i ei særstilling: stemninga og magien i dei duse bilda er til stades gjennom heile boka. Alle kjensler blir skildra i illustrasjonane: håp, angst, sinne, skrekk, glede…

Høgdepunktet over alle er illustrasjonen av Grumlaren som fyller heile boksida, med vidope gap og ville auge. Akkurat dette bildet har nok festa seg i mange barnesinn: så skummelt at det er nesten så ein ikkje tør sjå, men desto større lette når venene overvinn frykten og Grumlaren – og ein sjølv som lesar kjenner seg som deltakar i det store dramaet.