Steg for steg nærmar den ferdige boka seg. «Klokkemakar Alfreds mysterium» er planlagt utgjeven i oktober 2020 – og det ser det ut til at vi skal klare. Akkurat no er illustratør Tarjei Rypdal Eide i gang med illustrasjonane i boka. Her er framsida:
Å lage ei framside er ikkje enkelt – ho skal reflektere innhaldet, men utan å røpe for mykje, ho skal gjere lesaren interessert og nyfiken, ho skal seie noko om sjanger – og om kva aldersgruppe boka rettar seg mot. Alt dette synest eg Tarjei har klart i denne illustrasjonen.
Gjennom arbeidet mitt innanfor DKS og i møte med hundrevis av skuleelevar gjennom åra, har eg erfart at lesekompetansen er i ferd med å endre seg. Barna er ikkje så uthaldande, dei held ikkje fokuset så lenge som tidlegare. Dette er frå mi side ikkje vitskapeleg empiri, men ei kjensle og ein observasjon. Sjølvsagt er unntaka der: skuleelevar som les så det fossar, skriv så det sprutar, klassar som gjennom t.d. lesekonkurransar og ulike andre tiltak sluker bøker (ref. Foreningen !les: Bokslukerprisen).
Ein observasjon frå ein skuleklasse på besøk i biblioteket føyer seg inn i dette: jentene fordelte seg rundt omkring på ulike stasjonar i biblioteket, mens gutane samla seg i bildebokavdelinga. Dette var ein 7.klasse. Det melder seg fleire spørsmål som eg veit det blir forska på: er det forskjell på jentene og gutane i lesekompetanse? Er det den visuelle påverknaden og skjermflyten som gjer at bilda blir stadig viktigare?
Eg trur at bilde og tekst kan utfylle kvarandre. Eg trur også at ei god historie, som rett nok kunne stått trygt for seg sjølv, kan nå ut til fleire og framstå endå rikare med illustrasjonar. Kombinasjonen av tekst og illustrasjonar kan gjere heile historia meir tilgjengeleg, også for dei som i utgangspunktet ikkje er uthaldande nok til å lese ei heil bok. Men då er det viktig at illustrasjonane ikkje er klisjéfylte stereotypar, men utforma med kunstnerisk innsikt og kompetanse. Slik at dei utfordrar lesaren / sjåaren og gir rom til fantasi og tanke. Det er nettopp her Tarjei har sin styrke som illustratør – ein kompetanse han har bygd seg opp gjennom kunstutdanninga si og mange års arbeid med kunstundervisning med barn og unge.
Eg håper «Klokkemakar Alfreds mysterium» blir ei bok som kan vere ein møtestad for fleire generasjonar, ein inspirasjon for dei vaksne til å formidle eigne historier til barna, ei bok som høver for dei som allereie er «bokslukarar» – og også ei bok som kan møte dei barna som helst søkjer seg til bildebokavdelinga i biblioteket, men med ei historie som treff dei aldersmessig.
Då er det berre å vente til boka er klar!