Snart er det dei gode historiene som skal ut på vegen, på skoleturné!
Ein verkstad der vi arbeider med dei gode idéane og får fart på fantasien!
Alle har hovudet fullt av historer og vi skal bruke nokre ”knep” for å hente dei fram.
Ordleikar, assosiasjonar, underlege gjenstandar, skriveøvingar og improvisasjonar hjelper oss på veg. Vi ‘knar’ idéane saman, blir kjent med strukturane i ei god historie, skaper heltar og kjeltringar, skildrar stader, opplevingar, møter og stemningar, løyser utfordringar – og det som ellers høyrer med i ei god historie.
Eg gler meg til å vere medskapar i eit fyrverkeri av historier!