Publisert på

Formidlingsproduksjonar

I samband med at «Klokkemakar Alfreds mysterium» kjem ut i oktober dette året, har eg laga ein visningproduksjon av boka som høver til formidling i t.d. bibliotek, skular og andre som er interessert i å arrangere slik formidling. Innhaldet i boka blir formidla gjennom bilde og animasjonar på skjerm, musikk, høgtlesing, forteljing – og bruk av konkrete gjenstandar. Visninga er omlag 40 minutt.

large 3

Eg har også laga ein visningsproduksjon av «Tippoldefar Jakobs julekort», juleboka som kom ut i fjor. Tida strakk då ikkje til for å vise/fortelje/lese frå boka i alle skular, barnehagar, bibliotek og andre interesserte. Eg har derfor laga denne vesle produksjonen som blir som ei eiga framsyning av innhaldet i boka. Denne boka blir også blir formidla gjennom bilde og animasjonar på skjerm, musikk, høgtlesing, forteljing – og bruk av konkrete gjenstandar. Visninga er omlag 40 minutt. Det kan lesast meir om boka i tidlegare innlegg her på www.olla.no (november, desember 2019)

Begge bøkene er illustert av Tarjei Rypdal Eide.

 

Ta gjerne kontakt om nokon ønskjer ei slik formidling! Aktuelle tidspunkt vil vare i november og desember (evt slutten av oktober, så snart «Klokkemakar Alfreds mysterium» kjem fra trykkeriet.)

Eg nyttar rettleiande takster frå Forfattarsentrum til slike formidlinger.

Helsing Olla

E-post: olla@olla.no / ollryp@online.no

Tlf: 91519878