Det er tid for ei lita oppdatering! Det nasjonale bokåret 2019 er i gang! Det har eit knøttlite indie-forlag også fått med seg, sjølvsagt. «Kjør på!» blir eit motto for Olla Forlag – i år som i fjor. Nye prosjekt vil opp og ut, fjorårets prosjekt finn nye vegar ut i verda.
Mens det i fjor kom heile fire nye bøker ut på forlaget, er planen i år to bøker. Men ikkje før til hausten. Mykje godt arbeid skal på plass før den tid. Meir om desse bøkene etterkvart!
Audbjørg Gjerde Lipperts bildebok Isfjellfamilien – og mi eiga bildebok i samarbeid med Tarjei Rypdal Eide, Birgers odyssé, skal få ny språkdrakt: engelsk. Deretter skal dei sparkast ut på engelskspråklege plattformer. Her snakkar vi om bokkjøp via «print on demand».
E-boka skal også testast ut: Både Amulettmysteriet og Det gamle slottet skal få bokmålsdrakt – og finne vegen ut som e-bok. Nynorskversjonane er framleis å få i papirformat.
Her er det mykje som skal lærast og skaffast kunnskap om – derfor er tidsperspektivet her er endå litt uvisst.
Med tanke på at 1000 tonn papirbøker blir kasta kvart år, er det viktig å orientere seg i andre lesebaner. E-bøker og lydbøker er ein aukande trend, også i Norge. Eg nyttar sjølv lesebrettet i stadig større grad – lydbøker er også ein stor del av mitt bokkonsum, i tillegg til den fysiske boka. Det er spennande å vere med i ei endringstid når det gjeld litteraturformidling – alt for at den gode historia skal bli tilgjengelig for mange!
Det dukkar stadig opp nye idéar, nokre kan kanskje brukast, andre blir kasta – andre igjen blir sett på vent. Spennande samarbeidsprosjekt, nye arenaer og formidlingsprosjekt. Det kontinuerlege arbeidet med finasiering og søknader er også alltid i gang.
I tillegg til det som skal gå føre seg med dei konkrete bok-idéane, er det i gang eit samarbeid indieforfattarar imellom. Her er det nokre av oss som har konkrete planer – det kjem vi tilbake til!
Tusen takk til alle som heng med i svingane, les innlegg – og kanskje er nysgjerrige på kva som rører seg på denne vesle kanten av bokverda som Olla Forlag klorer seg fast på!