Bli med på Birger si magiske reise – ein odyssé i tippoldefar Oles fotefar til Antarktis – og i Birgers fantasi. Ei draumereise for den nyfikne 8-åringen Birger. Sjå videoen under teksten.
De finn boka under fana butikk her på www.olla.no med tilbodspris no fram til jul. I tillegg er boka å få kjøpt på dei fleste nettbokhandlarar, www.boldbooks.no, Bok & Papir i Brattvågen og Notabene Vestnes.
Boklesing gir nyttig ballast:
* fantasien og forestillingsevnen blir stimulert
* ein utvidar språk og ordforråd
* ein utviklar nye tankestrukturar og omgrep til å forstå verda med
* evnen til å setje seg i andres stad blir styrka, ein utviklar empati
* ein lærer om seg sjølv gjennom dei en les om
* en lærer å sjå at ei sak kan ha fleire sider
* ein utvidar kunnskapsnivået
* ein får gode opplevingar, draumar, kraft, inspirasjon, og håp
Kommentarar frå lesarar om BIRGERS ODYSSÉ:
«Spennande lesing, med retning både bakover i historia, og inn i framtida. Respekt for jorda, naturen og fantasien gjennomsyrer boka i tekst og bilder.»
«Ei bok å fordjupe seg i. Rører ved mange interessante tema. Kan lesast om og om igjen.»
« Dette var en spennende reise i ord og bilder! Anbefaler både små og store å bli med på Birgers odyssé!»
«En bok hvor fakta og fantasi smelter sammen til en fin fortelling. Historien treffer nok målgruppen, men sammen med illustrasjonene som gir fantasien fritt spillerom, appellerer den også til “barn” alle aldre.»