Sommarferien er snart over og ei spennande tid ventar. På mange vis, sjølvsagt – men akkurat no er det korleis arbeidssituasjonen med covid 19 vil bli det komande året eg har i tankane. Desse tankane blei til ei skikkeleg mimrestund over herlege turnéopplevingar gjennom åra, både åleine og saman med andre utøvarar – i møte med tusenvis av barn og unge. Eit knippe av dei samla her:
Eg har vore utøvar i bortimot 30 år, både då eg som teater-og skrivekunstlærar på kulturskule hadde rom for å produsere, seinare på Jugendteateret, og endå seinare med mange produksjonar på turné for Den Kulturelle Skolesekken. Innimellom har anna arbeid lokka – fint både å ha fast løn og rimeleg god økonomisk oversikt – og også for å oppleve kunst- og kulturproduksjon frå administrasjonssida, som koordinator, innkjøpar, organisator og arrangør.
Men alltid tilbake til mi største glede: å fortelje historier, på ulike måtar.
Å reise på turné er eit noko spesielt liv. Det er krevjande, men aller mest gledeleg og spennande, kjekt og energigjevande. Det gjeld berre å halde balansen, så ein ikkje «tømmer seg». Den aller største gleda er å kunne dele det ein brenn for mest av alt, med dei ein dagleg møter i formidlingssituasjonane, verkstadene og forstillingane.
Då eg arbeidde som teater-og litteraturansvarleg for DKS i Møre og Romsdal nokre år, fekk eg gleda av å vere med på å etablere forsøksordninga «Kultursekk for barnehage». Som opprinneleg førskolelærar har formidling for dei aller yngste alltid vore ei hjartesak. Då fekk eg også sjølv reist rundt med nokre produksjonar for denne målgruppa:
«Nuniak», «Bergtatt» og «Den magiske reisa». Dette var historier der barna var aktive deltakarar gjennom rørsle, dramatisering og dans. Opplegga var inspirert av fysioterapeuten Veronica Sherbornes arbeid med grunnleggjande rørslemønster.
Seinare fekk eg produksjonsmidlar til «Den raude tråden» for aldersgruppa 1-3 år. Over 200 forestillingar blei vist før tråden blei pakka ned.
Teaterverkstaden «Det blå egget» blei også utforma til ein barnehageversjon som også turnerte i fleire periodar. (Dette blå egget har for øvrig vist seg uråd å leggje frå seg. Egget dukkar opp i alle variantar saman med den arge keisarinna KiHoNai. Eg er redd dei lever sitt eige liv).
Sjølv om eg liker godt å arbeide åleine med eigne produksjonar, er det fantastisk når ein også kan samarbeide med dyktige utøvarar innanfor andre kunstfelt. Det er spennande, konstruktivt og lærerikt å arbeide med nye forteljarformer og kombinere ulike uttrykk. Slik blei «Lysegget» til. Dansaren Kristy Winspur og eg hadde mange fine møte med barnehagebarna saman med dragen Alfons og alven Alva.
Kristy Winspur, Stefan Bocken, Robert Sztorc og eg laga den spennande produksjonen «Vesle Harlekin», forestilling med klarinett, perkusjon, dans og teater, med påfølgjande danseverkstad – som igjen resulterte i elevane si eiga forestilling.
Saman med folkemusikaren Britt Elise Skram blei det folkemusikkverkstad med musikk, leikar, folkedans og lokale segn: «Kjiko, kjiko, let felestrengjin». Britt Elise og eg laga også ein musikk/forteljarversjon av Mikael Endes «Ofelias skyggeteater», som for øvrig er ei av dei vakraste historiene eg veit om.
Tarjei Rypdal Eide, kunstnar, bokillustratør og kunstfaglærar, og eg laga ein verkstad der vi bygde univers. «Utanforverda» blei skapt både gjennom tekst/historieoppbygging og kunstinstallasjonar. Det var utruleg spennande å sjå det fruktbare samspelet mellom visuell kunst og tekst, fantastiske installasjonar og magiske historier.
«Tor med hammaren» har blitt produsert i to versjonar, den eine saman med forteljarkollega Anne Hungnes – sidan berre med meg. Rein energi i fri utfalding!
Mette Mjelve og eg har reist i mange år med animasjonsfilm-verkstaden «Animert spenning». Til komande sesong har verkstaden fått ein solid «makover», så no gler vi oss skikkeleg til å sparke i gang!
Særdeles kjekt har også samarbeidet med Guri Aasen, Karin Skjetne og Anne Hungnes vore. Vi blei oppfordra til å lage ei forteljarframsyning til Bjørnsonfestivalen, noko som blei til fire forteljingar frå mytologi og eventyr om gudinner, herskerinner, heltinner og fristerinner, sett saman til «Fire furier fortel».
Seinare laga vi produksjonen «Arakne», inspirert av Guri Hals si kunstutstilling. Premiéren blei på Romsdalsmuséet med utstillinga som scenografi.
Eg har også turnért i mange år med skriveverkstader i ulike format for ulike aldersgrupper: «Spøkelseshuset», «Medaljongen», «Den gamle kofferten» og «Forteljingar på F».
Og sjølvsagt har det også vore utallige forteljarstunder og teaterstunt, både med eigne og andre sine historier.
Ettersom eg no har skrive fleire bøker for barn og ungdom, har også formidlingar og forfattarbesøk blitt knytt til desse: Trilogien om Anna og Kaspar: «Amulettmysteriet», «Det gamle slottet» og «Kodemysteriet», bildeboka «Birgers odyssé» og juleboka «Tippoldefar Jakobs julekort».
Produksjonen som no er under arbeid blir om den komande boka «Klokkemakar Alfreds mysterium».
For meg gir det meining å formidle historiene frå ulike innfallsvinklar, blande kunstuttrykk, leike og eksperimentere med uttrykksformer. Det gjer det også for barn, som i leiken sin nyttar same metode for å skape form av inntrykka sine.
Interaksjonen og kommunikasjonen i formidlinga med publikum er grunnleggjande for meg. Eg håper eg kan halde fram med å leike, at eg framleis kan komme ut til dei eg lagar historier for og fortelje dei på mange vis, også dette året, sjølv om covid 19 gjer situasjonen ekstra spennande.