Ei spennande veke er over – vi har hatt eit djupdykk i «Utanforverda». Tarjei Rypdal Eide og eg har saman med skuleelevar i fylket utforska korleis vi kan skape interessante, tenkte landskap gjennom visuell kunst og skrivekunst.
Omgrepet «Imaginary Worlds» inneheld stoff nok til å fylle mange bøker og uendelege mengder workshops. Vårt utgangspunkt var korleis dei visuelle modellane elevane laga kunne inspirere forteljinga – og korleis forteljinga kunne inspirere det visuelle uttrykket. Det litterære bakteppet var inspirert av Voglers «The Writer’s Journey».
Det visuelle handla om å konstruere tredimensjonale modellar av element vi møtte på reisa i «Utanforverda». Desse modellane vart bildematerialet i boka elevane laga.
Om elevane har hatt like spennande opplevingar som vi, er vi godt fornøgd.
Torsdag 25.januar presenterer vi workshopen på Kulturtorget i Molde – med håp om enda fleire fine opplevingar i «Utanforverda» rundt om i fylket.
Under: Forsida på boka elevane lagar og nokre illustrasjonar (foto av modellar/installasjonar)


