Boka blir trykt i ei PrintOnDemand-ordning, så det ville vere til god hjelp om dei som er interessert i å kjøpe boka kan gje meg eit hint på førehand! Då slepp eg trykke opp for mange bøker, og du får boka så snart ho er her!
Mysteriet ved Hangman’s Hill er den fjerde boka i serien om Anna og venene hennar. Bullterrieren Kaspar, som rett som det er kjem ut for trøbbel, men også reddar mange situasjonar, er med denne gongen også. Hovudpersonane er i 12-årsalderen, boka er retta mot barn på mellomtrinnet i skulen — men kanskje også for andre som liker ei god historie utan groteske valdsdetaljar ein ofte finn i krim for vaksne.
Eg hadde tenkt det skulle bli med dei tre første bøkene om Anna & co, men så viser det seg at denne gjengen nærast «kuppar» historiene eg skriv for tida, så det blir visst nokre til.
Bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre. Tida er reell, på den måten at hovudpersonane har blitt eldre gjennom bøkene, utfordringane meir krevjande, og gjengen modigare.
Framsida har fått seg ein «makeover», men det er framleis Tarjei Rypdal Eide som står for design og utforming.
Då eg starta bokskrivingsprosessane var valet av nynorsk målform ei prinsippsak. Nynorsk er underrepresentert innanfor roman- og spenningsboksjangeren for barn og unge, både i norsk og omsett litteratur. Det er naturleg for meg å skrive nynorsk, hjartespråket mitt, på same måte som eg veit at det er viktig for mange barn og unge å få bekrefta og verdsett målforma si gjennom bøker dei les. Mangfald er viktig for kulturell identitet og det å høyre til, også når det gjeld språk.
Eg ønskjer ofte å knyte band mellom tidlegare tider og notida i historiene mine, slik er det denne gongen også. Eg har tatt vare på mangt og mykje frå slektningar langt bakover i tida, og rett som det er finn eg noko fantasien kan spinne rundt. Denne gongen var det gamle brev, dagbøker og ein nøkkel som blei inspirasjonskjeldene. Då eg samtidig kom over ei legende om ei hending ved klippene Hangman’s Hill i ein engelsk kystby, tok plottet form.
Baksideteksten på boka:
På loftet i det gamle huset på Vargholmen finn Anna, Erik og Siri nokre gamle, gulna brev, skrivebøker og ein rusten nøkkel innpakka i ei engelsk avisside frå 1907.
Det dei har funne blir viktige spor i utforskinga av eit lenge gøymt og gløymt mysterium, då dei seinare reiser på vinterferie til England.
Det skal vise seg at gamle, uløyste mysterium også kan føre nye med seg.
Kva kan dei uforklarlege, mystiske opplevingane deira på eit dystert, gammalt gods ha med både det gamle og det nye mysteriet å gjere?
Snart er dei midt oppi hendingar som både er i overkant spennande — og farlege.
Spora fører dei til stupet ved Hangman’s Hill…
Tekstutdrag frå kapittel 8:
Mysteriet ved Hangman’s Hill — tekstutdrag frå kapittel 8:Combe Martin, tysdag 19. februar 2019
Dei tre venene hutra litt der dei stod bak ein stor rhododendronbusk. Kaspar trippa utolmodig. Han snusa i vêret, han rekna nok med at Lizzie var i nærleiken.
For litt sidan hadde Annas foreldre sett dei av ved porten før dei køyrde vidare.
«De er heilt sikre på at dette er greitt? De klarer dykk utan oss?»
«Kva med Chris?» sa Anna. Ho strauk Kaspar over ryggen så han skulle halde seg i ro. «Skal vi fortelje han om dette?»
«Nei, det er for risikabelt», meinte Erik. «Han vil sjølvsagt ikkje gjere noko som Jennifer og Steven ikkje ville like.»
«Vi får improvisere!» sa Siri.
Dei dukka lenger ned bak busken mens Landroveren køyrde forbi og ut gjennom porten.
«Kysten er klar!» sa Erik.
«Skal vi ta nøklane frå skapet i gartnarhuset?» spurde Siri.
«Er du galen, vi kan då ikkje berre gå inn og rote rundt der inne – det ville vere skikkeleg frekt!» sa Anna forskrekka.
Erik smilte. «Er det ikkje frekt å snike seg inn på eit framandt loft også?»
«Men det må eg berre!» sa Anna. «Kom, vi ser på baksida!»
På den andre sida av huset var det ein stor frukthage og mange forskjellige buskar og tre. Epletrea såg gamle ut, der dei med dei krokete, bare greinene stod sprikande opp mot huset. Midt på husveggen gjekk det ei trapp opp til ein veranda. Anna gjekk opp trappa og tok forsiktig i dørhandtaket på den store, kvite døra. Døra var ikkje låst!
Ho ga tommel opp til Siri og Erik som stod spent nedanfor verandatrappa.
«Ok, vi går og ser om Chris er i stallen», sa Erik. «Eg kjem opp på loftet rett etterpå!» Dei forsvann rundt hjørnet på huset i retning stallen. Kaspar var allereie forsvunnen på leiting etter Lizzie.
Forsiktig gløtta Anna inn gjennom døropninga. Døra førte rett inn i ei av dei store stuene med gamle møblar dei hadde vore inne i før. Anna kjende seg igjen frå då Jim hadde vist dei rundt, men ho hadde ikkje lagt merke til verandadøra då. Ho høyrde ikkje ein einaste lyd, ingen lys var tent, og dei tunge, grå skyene på himmelen slapp ikkje stort av dagslyset inn gjennom vindauga. Det var som om heile rommet var dekt av eit grått skuggeteppe. Då ho lista seg forsiktig gjennom rommet, kjendest det som dei gamle forfedrane i Cavehillslekta følgde henne med auga frå dei store portretta på veggane.
Anna kjende eit stikk av dårleg samvit. Det var ikkje så fint gjort å lure Chris på denne måten, han som var så grei mot dei. Men ho måtte finne ut om noko som hadde høyrt Martha til, var på loftet.
Det knirka vanvittig i trappa. I etasjen over var alle dørene lukka. Ei mykje smalare, brattare trapp førte vidare opp til loftsetasjen. Der trappa enda, var det ei brun dør. Ein stor nøkkel stod i låsen, men då ho tok i døra, kjende ho at ho var ulåst. Ein skarp, skrikande lyd frå rustne hengsler tyda på at denne døra ikkje blei så ofte brukt. Anna kjende at hjartet slo hardt. Lukta av støv og elde reiv i nasen. Ho vrei på ein lysbrytar ho fann rett innanfor døra. Det kalde lyset frå to nakne lyspærer hengjande ned frå taket skar i auga. Loftet var ikkje innreidd, langs veggar og tak såg ein rett inn på stolpane og bærebjelkane. På golvet var det lagt ut plankar. Loftet strekte seg over heile huslengda, med små vindauge utbygd i taket. Takhøgda var lav innmed veggane, men midt i loftsrommet kunne ho stå godt oppreist. Edderkoppspinn og støv låg som eit lok over alt som sto stabla i haugar.
Anna tende lommelykta på mobilen sin, men sukka oppgitt då ho lyste innover i rommet. Det var så mykje!
Vindauga var omkransa av spindelvev. Ein diger edderkopp kravla seg fort i dekning då lufttrykket frå Annas kjappe rørsler fekk spinnet til å vibrere. Men Anna brydde seg ikkje om ein edderkopp, om han var aldri så stor og glinsande.
Ho børsta vekk støvet med handa. Opna kiste etter kiste.
Ho såg bak mot døra. Kor blei det av Erik? Han skulle då komme og hjelpe henne med å leite? Kanskje han hadde blitt med på ridetur likevel? Kanskje han ikkje skjønte at Siri og Chris helst ville ri åleine, berre dei to?
Då ho løfta vekk to kasser ho allereie hadde sett oppi, såg ho eit skrin med to bokstavar på loket. M.S. stod det. «Martha Svinøy», kviskra Anna. Ho trekte pusten og tok tak i loket.
Loket rikka seg ikkje. Skrinet var låst. Men i Annas bukselomme låg den gamle, rustne nøkkelen ho hadde funne innpakka i avispapir i huset på Vargholmen. Ho var så spent at ho skalv på handa då ho prøvde nøkkelen i låsen. Han passa! Ho vrei han rundt, det høyrdest ein knepp, og ho kunne opne loket!
Ein kraftig dunk mot det næraste vindauget avbraut henne. Ei kråke flaksa fortumla vekk, og tunge regnskyer klumpa seg tettare saman utanfor, det hadde begynt å blåse. Greinene på trea borti skogholtet låg flate av dei kraftige vindrossene.
Anna tok seg inn att og løfta forsiktig opp det som låg øvst i kista, ei skrivebok. Annas hjarte banka fort og hardt.
Skriveboka ho heldt i handa, var kledd i gråpapir, og utanpå stod det skrive med den sirlege handskrifta ho kjende så godt: «Reisen til Artham, nr. 8, januar 1906.»
Eit kraftig dunk i ryggen fekk Anna til å miste fotfestet. Ho prøvde å ta seg for med hendene, men rakk det ikkje før ho trefte den lave takbjelken rett framfor seg med hovudet først. Så blei alt mørkt.