Publisert på

TAKK FOR NO, JUL! VEL MØTT 2021!

Eg liker vendepunkta, årstidene som følgjer etter kvarandre, feiringane. Det er ei eiga glede over førebuingane og forventningane til det neste som skal skje. Eg gler meg over å pynte til jul, sjølv om eg høyrer til dei som meiner «less is more». Like godt liker eg å hive julepynten ut når jula er over. No er endå eit vendepunkt på gang – eit nytt år – eg er klar!

Kvart einaste år er eg full av forventning, nye mål og nye planar, også dette året – eller kanskje særleg dette året.

Sakte, men sikkert trur eg tilværet fell på plass, kanskje med ein del endringar, men med det grunnleggjande: at folk kan møtast, vere i lag slik ein måtte ønskje, utan angsten for konsekvensar, sjukdom og død.

For det nye arbeidsåret har eg håp og forventning om dette: å igjen kunne møte folk, handhelse, klemme, ønskje unge og gamle, små og store velkommen, igjen arrangere møteplassar for opplevingane og dei gode historiene.

Eg har hatt god tid til å arbeide i det stille denne tida som har vore. Den nyaste boka «Klokkemakar Alfreds mysterium» kom som planlagt i haust. Men allereie då samfunnet stengde ned, og alle ventande arrangement og turnéar blei avlyst, var eg godt i gang med romanen «Det som er gøymt». Om det var leit at alt blei avlyst, var det likevel nok å fylle tida med til dette prosjektet. «Research» er ei fantastisk «boble» å vere i – og å skrive for ei vaksen målgruppe er spennande og utfordrande på andre måtar enn å skrive for barn. Første redaktørrunde er gjort – no er vegen vidare med dette prosjektet staka ut.

Sidan eg alltid har likt å veksle mellom fleire prosjekt, har også planlegging av formidlingsopplegg for dei andre bøkene fått fokus. No gler eg meg til å kunne vise dei fram – når arenaene og møteplassane igjen kan opnast. Her er det planer for både «Klokkemakar Alfreds mysterium» og «Kodemysteriet».

Så er det desse historiene som trengjer seg fram og krev å bli skapt, fortalt og formidla. Heldigvis treng ikkje alle det, nokre av dei får berre vere idéar og flagrande tankar. Men «Nattvogna» er det ikkje råd å bli kvitt. No durar ho fram, Nattvogna, og ser ut til å bli den neste boka for aldersgruppa 9-12 år.

Eg arbeider med prosjekta mine kvar dag – noko mindre når eg er på turné, for å vere omreisande i formidling krev å vere 100% påkopla, og løyver mindre energi til andre ting.

Ei av desse bøkene kjem ut i år, om begge skulle finne vegen ut dette året får tida vise.

Om ein arbeider aldri så målretta og har lista opp gjeremåla punkt for punkt, er likevel ei av dei aller største forventningane for det nye året at det vil dukke opp nye idéar,  nye arenaer og nye konstellasjonar mellom folk eg kjenner –  eller ikkje kjenner endå. Det er ofte når ein trakkar litt utanfor stien det spennande, endå uoppdaga kan hende  – det gjeld berre å vere der når det skjer og gripe høvet!

Slik trur eg på, og ønskjer dykk alle, eit godt, nytt, kreativt år!

 

 

Publisert på

Førjulstid og gode historier

Så var ho her, denne førjulstida, der vi med lysa rundt oss lagar rom i mørkret. Sjølv om koronaen gjer at eg held pusten og heiser skuldrene, kjennes det likevel som om vi er på veg mot betre tider. Uansett er førjulstida spesiell. Lukta av røykjelse, lysa inne og ute, dei fine turane i blåtimen, smaken av peparkakene og julelikøren, hemmelege gåveprosjekt – og høgtlesing. Endeleg kan vi lese eit kapittel i juleboka, dag for dag. Det fins så mange fine julebøker! Men her i huset handlar det naturleg nok om «Tippoldefar Jakobs julekort». Eg får rett som det er meldingar om barn og vaksne som kosar seg med boka og gode kritikkar frå bokbloggarar. Heldigvis går ikkje ei slik bok ut på dato, no er ho her i nytt opplag.

Samtidig er «Klokkemakar Alfreds mysterium» no ute. Det er alltid mykje arbeid med ei bok, og denne er ikkje noko unntak. Alle dei spennande rundane med research, leiting mellom gamle brev og gjenstandar, ekspedisjonar med lommelykt til falleferdige, forlatte hus, gøymde og gløymde skattar  som underfundige historier og mystiske hendingar. Alt som til slutt blir til historia i boka. Så er det illustrasjonane som skal skapast, tilpassast historia – og historia som igjen skal finjusterast mot illustrasjonane. Og kva med formatet? Kor stor skal boka vere? Ståande eller liggjande? Hard cover eller paperback? Korleis skal illustrasjonane plasserast i teksten? Og til slutt: har vi funne eit trykkeri som tar vare på boka vår? Det kjennest veldig bra no når vi ser at alt er på plass, akkurat slik vi ville ha det! Vi kan stå fullt og heilt for produktet vårt, og med glede tilby boka til lesande bokslukarar.

Laurdag 5. desember er Tarjei og eg på Notabene på Vestnes og signerer både «Klokkemakar Alfreds mysterium» og «Tippoldefar Jakobs julekort.»

Laurdag 12. desember er det igjen «sprett opp»-bokhandel i Samfjordkvartalet i Brattvåg. Der finn de også bøker frå Knasteriet forlag i tillegg til bøkene frå Olla forlag.

Og sjølvsagt kan bøkene kjøpast direkte frå olla.no, eller med Vipps: 127189 (hugs å merke med namn og adresse) – så kjem du ønskjer til deg sjølv eller til julegåve i posten.

Uansett om vi møtest eller ikkje: eg ønskjer alle ei god, fredeleg og stemningsfull førjulstid – full av bøker og gode historier!