Publisert på

Eit blikk tilbake – og litt framover

Sommarferien er snart over og ei spennande tid ventar. På mange vis, sjølvsagt – men akkurat no er det korleis arbeidssituasjonen med covid 19 vil bli det komande året eg har i tankane. Desse tankane blei til ei skikkeleg mimrestund over herlege turnéopplevingar gjennom åra, både åleine og saman med andre utøvarar – i møte med tusenvis av barn og unge. Eit knippe av dei samla her:

Eg har vore utøvar i bortimot 30 år, både då eg som teater-og skrivekunstlærar på kulturskule hadde rom for å produsere, seinare på Jugendteateret, og endå seinare med mange produksjonar på turné for Den Kulturelle Skolesekken. Innimellom har anna arbeid lokka – fint både å ha fast løn og rimeleg god økonomisk oversikt  – og også for å oppleve kunst- og kulturproduksjon frå administrasjonssida, som koordinator, innkjøpar, organisator og arrangør.

Men alltid tilbake til mi største glede: å fortelje historier, på ulike måtar.

Å reise på turné er eit noko spesielt liv. Det er krevjande, men aller mest gledeleg og spennande, kjekt og energigjevande. Det gjeld berre å halde balansen, så ein ikkje «tømmer seg». Den aller største gleda er å kunne dele det ein brenn for mest av alt, med dei ein dagleg møter i formidlingssituasjonane, verkstadene og forstillingane.

Då eg arbeidde som teater-og litteraturansvarleg for DKS i Møre og Romsdal nokre år, fekk eg gleda av å vere med på å etablere forsøksordninga «Kultursekk for barnehage». Som opprinneleg  førskolelærar har formidling for dei aller yngste alltid vore ei hjartesak. Då fekk eg også sjølv reist rundt med nokre produksjonar for denne målgruppa:

«Nuniak», «Bergtatt» og «Den magiske reisa». Dette var historier der barna var aktive deltakarar gjennom rørsle, dramatisering og dans.  Opplegga var inspirert av fysioterapeuten Veronica Sherbornes arbeid med grunnleggjande rørslemønster.

Seinare fekk eg produksjonsmidlar til «Den raude tråden» for aldersgruppa 1-3 år. Over 200 forestillingar blei vist før tråden blei pakka ned.

Teaterverkstaden «Det blå egget» blei også utforma til ein barnehageversjon som også turnerte i fleire periodar. (Dette blå egget har for øvrig vist seg uråd å leggje frå seg. Egget dukkar opp i alle variantar saman med den arge keisarinna KiHoNai. Eg er redd dei lever sitt eige liv).

Sjølv om eg liker godt å arbeide åleine med eigne produksjonar, er det fantastisk når ein også kan samarbeide med dyktige utøvarar innanfor andre kunstfelt. Det er spennande, konstruktivt og lærerikt å arbeide med nye forteljarformer og kombinere ulike uttrykk. Slik blei «Lysegget» til. Dansaren Kristy Winspur og eg hadde mange fine møte med barnehagebarna saman med dragen Alfons og alven Alva.

Kristy Winspur, Stefan Bocken, Robert Sztorc og eg laga den spennande produksjonen «Vesle Harlekin», forestilling med klarinett, perkusjon, dans og teater, med påfølgjande danseverkstad – som igjen resulterte i elevane si eiga forestilling.

Saman med folkemusikaren Britt Elise Skram blei det folkemusikkverkstad med musikk, leikar, folkedans og lokale segn: «Kjiko, kjiko, let felestrengjin». Britt Elise og eg laga også ein musikk/forteljarversjon av Mikael Endes «Ofelias skyggeteater», som for øvrig er ei av dei vakraste historiene eg veit om.

Tarjei Rypdal Eide, kunstnar, bokillustratør og kunstfaglærar, og eg laga ein verkstad der vi bygde univers. «Utanforverda» blei skapt både gjennom tekst/historieoppbygging og kunstinstallasjonar. Det var utruleg spennande å sjå det fruktbare samspelet mellom visuell kunst og tekst, fantastiske installasjonar og magiske historier.

«Tor med hammaren» har blitt produsert i to versjonar, den eine saman med forteljarkollega Anne Hungnes – sidan berre med meg. Rein energi i fri utfalding!

Mette Mjelve og eg har reist i mange år med animasjonsfilm-verkstaden «Animert spenning». Til komande sesong har verkstaden fått ein solid «makover», så no gler vi oss skikkeleg til å sparke i gang!

Særdeles kjekt har også samarbeidet med Guri Aasen, Karin Skjetne og Anne Hungnes vore. Vi blei oppfordra til å lage ei forteljarframsyning til Bjørnsonfestivalen, noko som blei til fire forteljingar frå mytologi og eventyr om gudinner, herskerinner, heltinner og fristerinner,  sett saman til «Fire furier fortel».

Seinare laga vi produksjonen «Arakne», inspirert av Guri Hals si kunstutstilling. Premiéren blei på Romsdalsmuséet med utstillinga som scenografi.

Eg har også turnért i mange år med skriveverkstader i ulike format for ulike aldersgrupper: «Spøkelseshuset», «Medaljongen», «Den gamle kofferten» og «Forteljingar på F».

Og sjølvsagt har det også vore utallige forteljarstunder og teaterstunt, både med eigne og andre sine historier.

Ettersom eg no har skrive fleire bøker for barn og ungdom, har også formidlingar og forfattarbesøk blitt knytt til desse: Trilogien om Anna og Kaspar: «Amulettmysteriet», «Det gamle slottet» og «Kodemysteriet», bildeboka «Birgers odyssé» og juleboka «Tippoldefar Jakobs julekort».

Produksjonen som no er under arbeid blir om den komande boka  «Klokkemakar Alfreds mysterium».

For meg gir det meining å formidle historiene frå ulike innfallsvinklar, blande kunstuttrykk, leike og eksperimentere med uttrykksformer. Det gjer det også for barn, som i leiken sin nyttar same metode for å skape form av inntrykka sine.

Interaksjonen og kommunikasjonen i formidlinga med publikum er grunnleggjande for meg. Eg håper eg kan halde fram med å leike, at eg framleis kan komme ut til dei eg lagar historier for og fortelje dei på mange vis, også dette året, sjølv om covid 19 gjer situasjonen ekstra spennande.

 

 

Publisert på

Her er framsida på den komande boka «Klokkemakar Alfreds mysterium»! Tankar om tekst og illustrasjon.

Steg for steg nærmar den ferdige boka seg. «Klokkemakar Alfreds mysterium» er planlagt utgjeven i oktober 2020 – og det ser det ut til at vi skal klare. Akkurat no er illustratør Tarjei Rypdal Eide i gang med illustrasjonane i boka. Her er framsida:

Å lage ei framside er ikkje enkelt – ho skal reflektere innhaldet, men utan å røpe for mykje, ho skal gjere lesaren interessert og nyfiken, ho skal seie noko om sjanger – og om kva aldersgruppe boka rettar seg mot. Alt dette synest eg Tarjei har klart i denne illustrasjonen.

Gjennom arbeidet mitt innanfor DKS og i møte med hundrevis av skuleelevar gjennom åra, har eg erfart at lesekompetansen er i ferd med å endre seg. Barna er ikkje så uthaldande, dei held ikkje fokuset så lenge som tidlegare. Dette er frå mi side ikkje vitskapeleg empiri, men ei kjensle og ein observasjon. Sjølvsagt er unntaka der: skuleelevar som les så det fossar, skriv så det sprutar, klassar som gjennom t.d. lesekonkurransar og ulike andre tiltak sluker bøker (ref. Foreningen !les: Bokslukerprisen).

Ein observasjon frå ein skuleklasse på besøk i biblioteket føyer seg inn i dette: jentene fordelte seg rundt omkring på ulike stasjonar i biblioteket, mens gutane samla seg i bildebokavdelinga. Dette var ein 7.klasse. Det melder seg fleire spørsmål som eg veit det blir forska på: er det forskjell på jentene og gutane i lesekompetanse? Er det den visuelle påverknaden og skjermflyten som gjer at bilda blir stadig viktigare?

Eg trur at bilde og tekst kan utfylle kvarandre. Eg trur også at ei god historie, som rett nok kunne stått trygt for seg sjølv, kan nå ut til fleire og framstå endå rikare med illustrasjonar. Kombinasjonen av tekst og illustrasjonar kan gjere heile historia meir tilgjengeleg, også for dei som i utgangspunktet ikkje er uthaldande nok til å lese ei heil bok. Men då er det viktig at illustrasjonane ikkje er klisjéfylte stereotypar, men utforma med kunstnerisk innsikt og kompetanse. Slik at dei utfordrar lesaren / sjåaren og gir rom til fantasi og tanke. Det er nettopp her Tarjei har sin styrke som illustratør – ein kompetanse han har bygd seg opp gjennom kunstutdanninga si og mange års arbeid med kunstundervisning med barn og unge.

Eg håper «Klokkemakar Alfreds mysterium» blir ei bok som kan vere ein møtestad for fleire generasjonar, ein inspirasjon for dei vaksne til å formidle eigne historier til barna, ei bok som høver for dei som allereie er «bokslukarar»   – og også ei bok som kan møte dei barna som helst søkjer seg til bildebokavdelinga i biblioteket, men med ei historie som treff dei aldersmessig.

Då er det berre å vente til boka er klar!