Mens vi ventar på Audbjørg Gjerde Lipperts roman «Zapping“, som kjem i mars kan de her lese eit lite utdrag frå boka. Denne romanen kan vi gle oss til! Sterke menneskelege kjensler, saman med skildringar i den maleriske stilen vi kjenner igjen frå Audbjørgs andre romanar, gjer boka til ei perle av ei leseoppleving.
Skildringa av korleis Helene opplever tilværet på Margaretaheimen, korleis tankar og minne blir blanda samen, korleis demens påverkar kjenslene, er gripande. Alle som har opplevd denne tilstanden hos ein av sine næraste vil kjenne igjen dette.
Slik møter vi Helene:
Helene sitt i øyrelappstolen sin på Margaretaheimen. Fjernsynet står på, utan lyd. Stille bilde glir over skjermen. Det er tidleg februar, snøslapsete og småsurt. NRK Møre og Romsdal sender situasjonsrapport frå Ålesund, eit landskap i svartkvitt, med snø på kjetting, snø på Fiskekona og snø på stein. Berre dei pastellfarga husa som speglar seg i Brosundet, fortel at sendinga er i farge.
For Helene fortonar dette seg som gråaktige skuggar, men pleiaren ved sida av henne, Marie, forklarer kva som skjer. Og då ser ho dei. Klart. Nesten som før. Ho stryk seg over auga og prøver å tørke bort sløret som har lagt seg over dei.
Ho let blikket gli vidare rundt i rommet. På veggen, like ved stolen, stoppar det. Ho veit det er noko der, hugsar berre ikkje heilt kva det er lenger.
– Marie, kva er det mørke på veggen der?
– Det der? Eit lite bilde.
– Eit bilde, ja visst. Men kven er det som er på det? Det har kome bort for meg.
– Nei, det veit eg faktisk ikkje. Det er eit gammalt foto i svartkvitt av ei lita jente, tre år gammal kanskje.
Helene sitt med attlatne auge, roleg, og ei god stund går utan at ho seier meir. Marie studerer ansiktsuttrykket til den gamle kvinna framfor seg, ser korleis ho rynkar panna og prøver å konsentrere seg. Det er som om ho leitar etter noko ho har mist. Eit pint drag ligg over den bleike huda før rynkene i panna plutseleg glattar seg ut og det kjem som ei sjølvfølgje:
– Det er av meg. Men bildet er ikkje i svartkvitt, som du seier. Ser du ikkje at eg har raudt strikkeskjørt på meg, med selar og kvite knappar? Genseren er kvit, og halvstrømpene…. Jau, dei er òg kvite, ja. Lakkskorne med reim,… Ja, du ser dei vel? Dei er…dei er… svarte, ikkje sant? Snora i den korterma strikkegenseren er raud. Så eg synest heller dette er eit raudtkvitt bilde.
Ho gløttar bort på Marie når ho seier det siste. – Sjå så lyst håret mitt var den gongen, nesten gulkvitt, det har eg alltid fått høyre, og krøllete, store lokkar festa med sløyfe midt på hovudet.
Helene sukkar, sliten etter ein så lang prat. Så snur ho seg mot Marie, smiler svakt, før ho held fram:
– Men så koseleg det var at du stakk innom i dag. Skal eg sette på kaffikjelen?
– Takk, men du veit vi har nettopp ete kveldsmat.
– Ja, det er sant. Det blei borte for meg akkurat no.
– Sitt her og kvil deg litt, du Helene. Om ikkje så lenge vil du vel legge deg? Eg kjem att og hjelper deg om ei lita stund.
Oppi den store stolen sitt ei vever, hjelpelaus kvinne. Kroppen er liten og samanklemd. Idealmåla borte. Ryggen krum. Brystet innholt og kort. Midja forsvunnen. Magen derimot rundare enn før. Under dette heng to slappe legger, veike, ubrukte, etter månader i rullestol. Eit par steg har ho greidd til no, men sjølv det har blitt for strevsamt. Kroppen vil ikkje lystre, og det er som om ho vil sige saman.
Det krøllete håret er glatt no, kortklipt. Igjen er det nesten kvitt, men ikkje gulkvitt som på det raudkvite fotoet. Gråkvitt er det blitt. Tynt og mjukt. Lettstelt.
Helene er godt kledd. Ho liker varme, tynne ullplagg, men dei må vere lette. Skuldrene tåler ikkje lenger tunge byrder av noko slag. Eit ullsjal rundt skuldrene høyrer med for å skape lun varme – tryggleik.
– Marie!
Helene roper. Fleire gonger.
– Marie! MARIE!!
Boka kan allereie no kjøpast / bestillast på www.olla.no