Julekalenderen med boktips er snart i mål. Dagen i dag og morgondagen blir til eitt avrundande innlegg for denne kalenderen. Det er langt igjen til alle boktitlar som har sett spor er nemnd – endå er det mange titlar som ventar på lage nye spor. Det er ei dagleg glede å kunne dukke inn i eit slikt skattkammer som bøkene gir oss – det er godt å vite at endå ukjende skattar ligg der i bokstabelen framfor meg.
Det siste boktipset blir ei bok av det slaget ein ikkje vanlegvis tenker på som ei litterær oppleving: ei kokebok!
Eg er glad i å lage mat, gjerne eksperimentere med nye smakar, nye råvarekombinasjonar – bli inspirert frå heile verdas rike mattradisjonar. Det står ein del kokebøker i hylla, med inspirerande bilde og flotte fragar.
Men dagens bok står i ei særstilling: det er ei kokebok som gjer meg rørt:
«Flavours of Aleppo, Celebrating Syrian Cuisine» Dalal Kadé-Badra & Elie Badra.
Denne boka skildrar med stor kjærleik syriske mattradisjonar, slik dei to forfattarne, mor og son, har fått dei overlevert frå generasjonar tilbake.
I innleiinga skriv Dalal Kadé-Badra om korleis ho frå mora og bestemora sine kjøkken lærte seg å lage familiens festmåltid heime i Aleppo – ord som får meg til å kjenne luktene – og varme, glade stemningar, godt støtta av bilda: fargerike rettar av alle slag – og situasjonsbilde frå byen Aleppo.
Kokeboka kom i hus samstundes med at krigen herja på det verste i Syria. Menneske på flukt, bombingar, sønderknuste heimar. Kulturminne frå tusenvis av år tilbake i grus, menneskelege katastrofer, sorg og død.
Kontrasten var enorm, der eg sto i mitt trygge, varme kjøkken. Gjennom timesvis med matlaging etter denne bokas oppskrifter fekk eg bli med på ei «reise»: forfattarane sin kjærleiken til familen sin, folket, byen, kulturen, tradisjonane.
Slik kan boka, til og med ei kokebok, vere med på å hjelpe oss til å sjå kvarandre.
Forfattarane har skrive eit forord i boka, her er nokre ord frå det Dalal Kadé-Badra skriv:
«…We. the women of Aleppo, for generations, have passed down from mother to daughter a culinary tradition that has never stopped evolving, enriching and refining. As such, it goes without saying that from house to house, there is always a little something, a variation destilling a particular flavour, that differentiates us from each other yet never opposes us.»