Avisa har gitt lanseringa ei heil side! Veldig hyggeleg med omtale!
Boka kan no kjøpast i nettbutikken her på olla.no
I tillegg kan den kjøpast på dei fleste andre nettbutikkar og www.boldbooks.no
Den kan også kjøpast på Notabene,Vestnes,
Bok og Papir i Brattvågen
og Joker, Tomrefjord.
«Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys, ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggane i det gamle slottet. Plystring frå ein kjent song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort…»Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm! Er det brannalarm? Tjuverialarm? Anna må finne mor og far, ho strammar bandet til Kaspar. I bandet er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar. »
Dette er den andre boka i serien om Anna og hunden hennar Kaspar.
Denne gongen er dei i Frankrike, i ein liten borgby ved Middelhavet. På toppen av denne borga ligg det eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko – og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit nytt mysterium.
Parallelt med dei mystiske hendingane Anna opplever, møter vi Bastien, ein gut som bur i denne borga i tida rundt den franske revolusjonen.
Bastien får eit oppdrag.
Anna og Namira, ei jente ho blir kjent med i den vesle borgbyen, gjer ei oppdaging i det gamle huset Namira bur i – ei oppdaging som blir til god hjelp når dei til slutt nøstar opp i slottsmysteriet.
Men først held vi pusten av spenning saman med Anna, Kaspar og Namira mens dei kjem ut for farar og utfordringar.
Fleire har meldt seg til å skrive ein epilog i boka ( om skrivekonkurransen/invitasjon til skriving – sjå tidlegare innlegg), det er berre å melde seg om fleire vil prøve!
Framsidebildet er laga av Tarjei Rypdal Eide.
Om illustrasjonene:
Teknikken som er brukt er digitalt bearbeidet foto.
Tanken bak bildene er at de ikke nødvendigvis skal være konkrete illustrasjoner av teksten. Heller en likeverdig ‘partner’ som spiller på lag, men også går utover og forbi teksten. Bildene har en litt mer abstrakt tilnærming til teksten, og fungerer mer som visuelle rammer der leseren selv kan bidra med sine egne opplevelser og sammenhenger. Bildene kan også oppfattes som Birgers egne opplevelser av situasjonene. Hans funderinger og tolkninger av inntrykkene – som gjerne går forbi virkeligheten og inn i hans fantasifulle barnesinn. Her blandes de med tidligere erfaringer, leste tekster, bilder, filmer – og ikke minst fantasi.
Arrangert av Olla Forlag og Vestnes fokebibliotek.
Stad: Myra kulturbygg, Vestnes
Tid: Søndag 27. mai kl 18.00
Om boka:
Bli med på ei spennande reise saman med Birger, som får bli med foreldra sine på ein ekspedisjon til Antarktis. Birger er ein nysgjerrig gut med mange interesser. Interessene hans blir også tematikk i boka:
«…..Finst det ukjende livsformer vi enno ikkje har oppdaga? Kva hender med dette livet når verdshava blir sure av forureining, når temperaturen på jorda stig og polisen smeltar? Birger undrar også på andre mysterium: finst det sjømonster og fabeldyr i havet? I vulkanane? Tenk om det var fabeldyr som var slike ukjende livsformer langt inni isen?»
Boka er skriven av Olla Rypdal og illustrert av Tarjei Rypdal Eide.