Publisert på

Forunderlege, fantastiske, finurlege, fabelaktige forteljingar

Snart er det dei gode historiene som skal ut på vegen, på skoleturné!

Ein verkstad der vi arbeider med dei gode idéane og får fart på fantasien!

Alle har hovudet fullt av historer og vi skal bruke nokre ”knep” for å hente dei fram.

Ordleikar, assosiasjonar, underlege gjenstandar, skriveøvingar og improvisasjonar hjelper oss på veg. Vi ‘knar’ idéane saman, blir kjent med strukturane i ei god historie, skaper heltar og kjeltringar, skildrar stader, opplevingar, møter og stemningar, løyser utfordringar – og det som ellers høyrer med i ei god historie.

Eg gler meg til å vere medskapar i eit fyrverkeri av historier!

 

Publisert på

Birgers Odyssé

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide.

Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt tilskudd for profesjonell kunst-og kulturproduksjon til dette prosjektet.

 

Bildeboka «Birgers odyssé» er retta mot aldersgruppa 5-10 år, og handlar om Birger. Teksten er på nynorsk.

Birgers store interessefelt er fossilar, eldgamle dyreknoklar og forsøka som blir gjort på å gjenopplive forhistoriske dyr.

Så får Birger ei overrasking: han skal få vere med på ein ekspedisjon!

 

I denne boka vil bilde og tekst fungere likeverdig og utfylle kvarandre. Historia startar i vår verkelege verd, men etterkvart vil vi få bli med på Birgers eigen odyssé, der fantasien og draumane også finn ein plass.

 

Del to av dette prosjektet skal resultere i ein scenisk presentasjon av boka.

 

Publisert på

«Alva og lysegget»

Dette magisk vakre biletet har Judyta Julia Bialkowska laga. Det er alven Alva som søv. Snart skal forestillinga «Lysegget» med Olla Rypdal og Kristy Winspur på turné i barnehagar i fylket. Håpet er at vi etterkvart skal få møte Alva og Alfons også i bokform, med Judytas stemningsfulle illustrasjonar.

SONY DSC
Publisert på

«Utanforverda»

Ei spennande veke er over – vi har hatt eit djupdykk i «Utanforverda». Tarjei Rypdal Eide og eg har saman med skuleelevar i fylket utforska korleis vi kan skape interessante, tenkte landskap gjennom visuell kunst og skrivekunst.

Omgrepet «Imaginary Worlds» inneheld stoff nok til å fylle mange bøker og uendelege mengder workshops. Vårt utgangspunkt var korleis dei visuelle modellane elevane laga kunne inspirere forteljinga – og korleis forteljinga kunne inspirere det visuelle uttrykket. Det litterære bakteppet var inspirert av Voglers «The Writer’s Journey».

Det visuelle handla om å konstruere tredimensjonale modellar av element vi møtte på reisa i «Utanforverda». Desse modellane vart bildematerialet i boka elevane laga.

Om elevane har hatt like spennande opplevingar som vi, er vi godt fornøgd.

Torsdag 25.januar presenterer vi workshopen på Kulturtorget i Molde – med håp om enda fleire fine opplevingar i «Utanforverda» rundt om i fylket.

 

Under: Forsida på boka elevane lagar og nokre illustrasjonar (foto av modellar/installasjonar)