Publisert på

DET GAMLE SLOTTET: framsida på boka er klar – boka kjem i august!

«Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys, ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggane i det gamle slottet. Plystring frå ein kjent song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort…»Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm! Er det brannalarm? Tjuverialarm? Anna må finne mor og far, ho strammar bandet til Kaspar. I bandet er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet.  I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar. »

 

Dette er den andre boka i serien om Anna og hunden hennar Kaspar.
Denne gongen er dei i Frankrike, i ein liten borgby ved Middelhavet. På toppen av denne borga ligg det eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko – og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit nytt mysterium.

Parallelt med dei mystiske hendingane Anna opplever, møter vi Bastien, ein gut som bur i denne borga i tida rundt den franske revolusjonen.
Bastien får eit oppdrag.

Anna og Namira, ei jente ho blir kjent med i den vesle borgbyen, gjer ei oppdaging i det gamle huset Namira bur i – ei oppdaging som blir til god hjelp når dei til slutt nøstar opp i slottsmysteriet.

Men først held vi pusten av spenning saman med Anna, Kaspar og Namira mens dei kjem ut for farar og utfordringar.

Fleire har meldt seg til å skrive ein epilog i boka ( om skrivekonkurransen/invitasjon til skriving – sjå tidlegare innlegg), det er berre å melde seg om fleire vil prøve! 

Framsidebildet er laga av Tarjei Rypdal Eide.

 

Publisert på

Tarjei Rypdal Eide om illustrasjonene i «Birgers odyssé»

Om illustrasjonene:

Teknikken som er brukt er digitalt bearbeidet foto.

Tanken bak bildene er at de ikke nødvendigvis skal være konkrete illustrasjoner av teksten. Heller en likeverdig ‘partner’ som spiller på lag, men også går utover og forbi teksten. Bildene har en litt mer abstrakt tilnærming til teksten, og fungerer mer som visuelle rammer  der leseren selv kan bidra med sine egne opplevelser og sammenhenger. Bildene kan også oppfattes som Birgers egne opplevelser av situasjonene. Hans funderinger og tolkninger av inntrykkene – som gjerne går forbi virkeligheten og inn i hans fantasifulle barnesinn. Her blandes de med tidligere erfaringer, leste tekster, bilder, filmer  – og ikke minst fantasi.

 

 

Publisert på

Velkommen til lanseringsfest av bildeboka Birgers odyssé!

                               Arrangert av Olla Forlag og Vestnes fokebibliotek.

                                              Stad: Myra kulturbygg, Vestnes

                                                Tid: Søndag 27. mai kl 18.00

 

Om boka:

Bli med på ei spennande reise saman med Birger, som får bli med foreldra sine på ein ekspedisjon til Antarktis. Birger er ein nysgjerrig gut med mange interesser. Interessene hans blir også tematikk i boka:

«…..Finst det ukjende livsformer vi enno ikkje har oppdaga? Kva hender med dette livet når verdshava blir sure av forureining, når temperaturen på jorda stig og polisen smeltar? Birger undrar også på andre mysterium: finst det sjømonster og fabeldyr i havet? I vulkanane? Tenk om det var fabeldyr som var slike ukjende livsformer langt inni isen?»

Boka er skriven av Olla Rypdal og illustrert av Tarjei Rypdal Eide.

Publisert på

Fire furrier fortel: «ARAKNE!» Ny produksjon!

Våren 2016 blei vi spurt om å fortelje på Bjørnsonfestivalen.Det blei oppstarten på forteljarfellesskapet ’Fire furier fortel’.

Forespørselen førte til ein times forteljarrforestilling, med innhald sett saman av eventyr og myter frå ulike verdsdelar, med kvinner som overskrift, hovedpersonar og arketyper: ’gudinner, trollkvinner, herskerinner, fristerinner’.

Vi fann samarbeidet særdeles inspirerande og er no godt i gang med neste produksjon.
Temaet for denne produksjonen er edderkoppen og edderkoppens nett som mytisk figur, magisk vesen, bestanddel i forteljingar, faktastoff, historier, eventyr, myter og legender over heile verda.
I research-prosessen har vi latt oss inspirere av mytologiske figurar som Arachne, Anansi, Tolkiens ’Hobbitten’ og visuelle kunstuttrykk, spesielt kunstnaren Gjertrud Hals sine nett-installasjonar og edderkoppar.
Vi fikk låne nokre av edderkoppane til fotografering.
Første forestilling blir i september i samband med Gjertrud Hals’ utstilling på Romsdalsmuséet.

Publisert på

Birgers odyssé – litt om ‘bakteppet’ for boka

Dette er eit prosjekt Tarjei Rypdal Eide og Olla Rypdal har samarbeida om ei tid, med idéen om at den eine kunstarten inspirerer den andre. Møtet mellom kunstartar er eit spennande ’rom’ å utforske, og kan føre til nye uttrykk.

Vi har samarbeida om ein verkstad i et par år, eit ’laug’ som er på turné for Kultursekken i fylket. Verkstaden er møtestaden mellom tekst og visuell kunst. Her utforskar elevane strukturane som ligg til grunn for å skape ei eiga, ny verd. Gjennom tekst / historieskaping og visuelle uttrykk skaper elevane ein ny møtestad for idéane dei utviklar undervegs i verkstaden.

Resultatet av verkstaden blir ei illustrert bok med historia og bilda elevane har laga.

Erfaringane frå verkstaden ‘Utanforverda’ viser korleis abstrakt, visuell kunst gir meining for elevane og kan føre fram mot til dømes tekst/ ei historie – og korleis teksten/historia inspirerer dei til eigne visuelle uttrykk.

Måten elevane skaper denne ‘nye verda’, bygg historiene og lagar bilda, er bakgrunn for ønsket om å dukke djupare i stoffet som kombinerer tekst og visuell kunst. Vi fekk napp på ein søknad til Møre og Romsdal fylkeskommune: ‘tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling’. Det har no resultert i bildeboka «Birgers odyssé» på Olla Forlag, og ei sceninsk formidling/utstilling til denne boka.

 

I boka møtest tekst og illustrasjonar til likeverdige uttrykk som utfyller kvarandre.

Sjølve historia handlar om Birger som får vere med foreldra sine på ein ekspedisjon til Antarktis. Birger er ein nysjerrig gut med mange interesser. Interessene hans blir også tematikk i boka:

«…..Finst det ukjende livsformer vi enno ikkje har oppdaga? Kva hender med dette livet når verdshava blir sure av forureining, når temperaturen på jorda stig og polisen smeltar?Birger leitar på internett og les: «Mysterium under isen» «Kva skjuler seg der nede under isen?» «Kor mykje har isen smelta?»

Birger veit at desse mysteria handlar mykje om mikrobar og algar, men Birger undrar også på andre mysterium: finst det sjømonster og fabeldyr i havet? I vulkanane? Tenk om det var fabeldyr som var slike ukjende livsformer langt inni isen?»

I boka undrar vi oss saman med Birger, men utan å legge fram svar og fasit på dei store spørsmåla.

Birger sin innfallsvinkel er dei gamle mytane og historiene menneska har skapt frå dei tidlegaste tider. Desse brukar han til å skape si eiga bok om si eiga reise i fantasien.

Som bakteppe ligg tippoldefar Oles dagbok frå den tida han var på kvalfangstskute i Sørishavet.

Tippoldefar Ole er forfattarens morfar og illustratørens oldefar – ein mann som hadde mykje kunnskap og mange interesser – og som visste korleis ein skulle fortelje ei historie.

 

 

 

 

 

 

Publisert på

Birgers odyssé

Birgers odyssé er no til trykking!

Lanseringa er søndag 27.mai kl 18.00 på Myra kulturbygg, Vestnes – i samarbeid med Vestnes folkebibliotek.

Boka er allereie lagt ut for salg her i nettbutikken, Den kan kjøpast no og blir sendt ut så snart bøkene kjem frå trykkeriet (i veke 21)

Bildeboka Birgers odyssé rettar seg mot barn ca 5-10 år, men kan lesast av alle.

 

Baksideteksten på boka:

 «Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!»

I Birgers odyssé møter vi Birger, ein gut med mange interesser. Han samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein – og historier.

Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen….

Han undrar seg også over historiene som folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger.

I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet.

Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.

 

Publisert på

Framsida på bildeboka «Birgers odyssé» er klar. Boka kjem i mai!

«Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!»

I Birgers odyssé møter vi Birger, ein gut med mange interesser, som samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein – og historier.

Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen….

Han undrar seg også over dei spennande historiene som folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger.

I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet.

Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.

 

 

Publisert på

Invitasjon til skriving!

I neste bok om Anna og Kaspar møter vi dei i ei borg ved Middelhavet.

I det gamle slottet på toppen av borga hender det mystiske ting. Anna og Kaspar er plutseleg midt oppi både eit nytt og eit gammalt mysterium….

 

I samband med lanseringa inviterer eg dei som er i målgruppa (ca 10-13 år, mellomtrinnet på skolen) til å skrive eit lite tilleggskapittel i boka (ca 1-2 A4-sider) – ein epilog om ein av bipersonane vi møter i boka. Alle som sender inn ein tekst får tilbakemelding frå meg. Enkelte innsendte tekster kan bli plukka ut og få tilbod om å bli lagt ut på heimesida mi www.olla.no – og eitt av dei innsendte bidraga kjem på trykk i boka «Det gamle slottet».

31. mai held eg i samarbeid med biblioteket eit skrivekurs for denne aldersgruppa på Vestnes Fokebibliotek. Her kan ein få tips til korleis ein skildrar hendingar, hovudpersonar, sjølve plottet og oppbygginga av ei historie.

Uansett om ein er med på kurs eller ikkje er alle i aldersgruppa velkomne til å sende meg tekster til boka «Det gamle slottet». Den som vil prøve seg som forfattar får tilsendt dei tre første kapitla i «Det gamle slottet» – og nokre tips om kva og korleis ein kan skrive.

Denne invitasjonen går via foreldre eller andre vaksne som kanskje kjenner nokon dette kan passe for. Send meg i så fall ein e-post, sms eller messengermelding – så skal eg sende dei første kapitla av boka til den som vil prøve seg!

 

Publisert på

Birgers odyssé

Ny visuell smakebit av illustratør Tarjei Rypdal Eide til bildeboka «Birgers odyssé».

Birger finn noko som er frose fast i isen. Han greier å grave gjenstanden fram. Det er ein kniv – knivskaftet er skore ut av kvaltann.  Kniven har tydelegvis har vore lenge, lenge i isen….

 

Publisert på

«Utandørs i nordvest»

«Utandørs i nordvest» er i mål! Tolv månader, tolv turar med fine opplevingar, hyggelege møter, god mat. Konklusjonen er som vi trudde: Møre og Romsdal er eit fylke å vere ute i – uansett årstid, ver og føre!
Siste destinasjon var vakre Smøla i skiftande marsver: frå sol, via blygrå himmel og lysskimrande tåkeyr – til sidelengs sludd og frisk kuling. «Hot» fiskesuppe med chili gjorde susen for kalde skrottar!
Musikar og komponist Asgeir Gjøstøl var gjesten vår.
No gler vi oss til redigering og skrivearbeid, før vi endeleg kan vise fram ferdig bok i oktober. Som vi gler oss!
Her er nokre visuelle smakebitar frå dagen!

Publisert på

Birgers odyssé

På reisa si har Birger med seg tippoldefar Oles dagbok som han skreiv då han var på kvalfangst i Sørishavet. Tippoldefar Ole laga fine knivskaft og smykke av kvaltenner. I kista på loftet, der Birger fann dagboka, finn han både kvaltenner og ein spesiell stein. Desse skattane tar han med seg på reisa.

Birgers odyssé kjem i slutten av mai – forarbeidet og inspirasjonen til boka er i seg sjølv ei spennande reise. Her er ein liten research-«smakebit» !

Publisert på

«Birgers odyssé»

«Birgers odyssé»

Birger er glad i bøker. Han likar å «vere i» bøker som er fulle av spennande historier. Om reiser til framande, ukjende stader, om møte med fantastiske, underlege fabeldyr, om spennande utfordringar som må løysast…..
Det er som om sjølve boka blir magisk og lever sitt eige liv – og Birger er med på reisa!

Bildebok av Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide
Lansering i mai 2018 på Olla Forlag
Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt tilskot til produksjon av bok og scenisk formidling.
Prosessbilde: Tarjei Rypdal Eide

Publisert på

Birgers odyssé

Birger er ein nysgjerrig kar med mange interesser. Han lurer på kva slags dyr som fantes på jorda før, kvifor fins dei ikkje lenger? Han undrar seg over kva som kan vere under den tjukke isen i Antarktis. Han undrar seg over dei eldgamle historiene om fabeldyra. Har dei aldri eksistert? Han samlar på steinar, spennande ting han grev fram frå jorda, avisutklipp om forskning i polområda, gamle,spennande bøker…. Og han samlar på fossilar.
Snart skal Birger ut på litt av ei reise….

Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide:
«Birgers odyssé» bildebok (ca 5-10 år)
Lansering i mai 2018!

Publisert på

Verkstader på turné i Kultursekken skoleåret 2018/19

Allereie no kan skolane bestille verkstader til neste år gjennom Kultursekken i Møre og Romsdal.
Olla forlag/Olla teaterverkstad har desse tre på lista:
«Utanforverda» saman med Tarjei Rypdal Eide, «Forteljingar på F» og «Tor med hammaren». Sistenemde er ein forteljar- og teaterverkstad med høg energifaktor.
Dei to andre handlar om å skape historier.
I «Utanforverda» vil tekst/historieoppbygginga bli inspirert av det viselle kunstuttrykket – og motsatt.
Eg gler meg allereie til mange insprerande møte med barn og unge på skolane!

Publisert på

Birgers odyssé

Johann Wolfgang von Goethe, 1749 – 1832:
«Den som ikkje kan føre rekneskapen sin lenger enn 3000 år tilbake i tid, lever frå hand til munn.» (fritt omsett)

Research til Birgers Odyssé rullar vidare:
frå forskingsartiklar om sjøar i Antarktis som har vore skjerma frå omverda i nærare 14 millionar år, via Homers «Odysséen» nesten tre tusen år tilbake i tida, om Olaus Magnus verk frå 1555 om nordiske folks historie og sjømonster teikna inn i karta frå den tida – til morfar Oles brev frå den tida han var maskinist på kvalkokeriet Torodd i Sørishavet.

Frå dei første menneska fantes på jorda vår har vi fortalt kvarandre historier om korleis jorda vart til, om korleis elementa og hendingane i naturen kunne forklarast med heltar som kjempa mot monstra, om kampen mellom dei onde og dei gode kreftene.
Gjennom tidene har historiene blitt stadig fleire. Vi undrar oss over kva som finst i havet, i lufta, inni jorda, i isen i polområda, under isen….
Det meste har ei naturleg forklaring, men historiene vi har dikta løftar tankane og draumane våre.

Og Birger i «Birgers odyssé» opplever, undrar seg og diktar vidare….

Bilda er av brev frå morfar Ole i Sørishavet til familien heime, 1930, og av kvalkokeriet «Torodd» der han var maskinist.

Publisert på

AMULETTMYSTERIET

Pris:  229.-

Frakt: 36,-

Kjøp: kjøpars namn og adresse til e-post: ollryp@online.no

Betaling: Vipps til Olla Forlag / bankkonto: 6580.33.94223

Forside til ‘Amulettmysteriet’ – design: Tarjei Rypdal Eide
Publisert på

«utandørs i nordvest» lansering oktober 2018!

For ein dag! Februarlaurdag i Kristiansund – nest siste destinasjon i bokprosjektet «utandørs i nordvest».

Strålande sol, sprakande fargar, hav, bruer, båtar, fuglar, folk – og opera! Dagens gjest var Marit Grytnes Dullaert.

Det er berre å gle seg til å høyre meir om både henne, alle dei andre vi har møtt – og stadene vi har utforska gjennom turane våre. I mars er det siste turen – så er vi i mål!

Facebook: utandørs i nordvest

Publisert på

Forunderlege, fantastiske, finurlege, fabelaktige forteljingar

Snart er det dei gode historiene som skal ut på vegen, på skoleturné!

Ein verkstad der vi arbeider med dei gode idéane og får fart på fantasien!

Alle har hovudet fullt av historer og vi skal bruke nokre ”knep” for å hente dei fram.

Ordleikar, assosiasjonar, underlege gjenstandar, skriveøvingar og improvisasjonar hjelper oss på veg. Vi ‘knar’ idéane saman, blir kjent med strukturane i ei god historie, skaper heltar og kjeltringar, skildrar stader, opplevingar, møter og stemningar, løyser utfordringar – og det som ellers høyrer med i ei god historie.

Eg gler meg til å vere medskapar i eit fyrverkeri av historier!

 

Publisert på

Birgers Odyssé

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Olla Rypdal og Tarjei Rypdal Eide.

Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt tilskudd for profesjonell kunst-og kulturproduksjon til dette prosjektet.

 

Bildeboka «Birgers odyssé» er retta mot aldersgruppa 5-10 år, og handlar om Birger. Teksten er på nynorsk.

Birgers store interessefelt er fossilar, eldgamle dyreknoklar og forsøka som blir gjort på å gjenopplive forhistoriske dyr.

Så får Birger ei overrasking: han skal få vere med på ein ekspedisjon!

 

I denne boka vil bilde og tekst fungere likeverdig og utfylle kvarandre. Historia startar i vår verkelege verd, men etterkvart vil vi få bli med på Birgers eigen odyssé, der fantasien og draumane også finn ein plass.

 

Del to av dette prosjektet skal resultere i ein scenisk presentasjon av boka.

 

Publisert på

«Alva og lysegget»

Dette magisk vakre biletet har Judyta Julia Bialkowska laga. Det er alven Alva som søv. Snart skal forestillinga «Lysegget» med Olla Rypdal og Kristy Winspur på turné i barnehagar i fylket. Håpet er at vi etterkvart skal få møte Alva og Alfons også i bokform, med Judytas stemningsfulle illustrasjonar.

SONY DSC
Publisert på

«Utanforverda»

Ei spennande veke er over – vi har hatt eit djupdykk i «Utanforverda». Tarjei Rypdal Eide og eg har saman med skuleelevar i fylket utforska korleis vi kan skape interessante, tenkte landskap gjennom visuell kunst og skrivekunst.

Omgrepet «Imaginary Worlds» inneheld stoff nok til å fylle mange bøker og uendelege mengder workshops. Vårt utgangspunkt var korleis dei visuelle modellane elevane laga kunne inspirere forteljinga – og korleis forteljinga kunne inspirere det visuelle uttrykket. Det litterære bakteppet var inspirert av Voglers «The Writer’s Journey».

Det visuelle handla om å konstruere tredimensjonale modellar av element vi møtte på reisa i «Utanforverda». Desse modellane vart bildematerialet i boka elevane laga.

Om elevane har hatt like spennande opplevingar som vi, er vi godt fornøgd.

Torsdag 25.januar presenterer vi workshopen på Kulturtorget i Molde – med håp om enda fleire fine opplevingar i «Utanforverda» rundt om i fylket.

 

Under: Forsida på boka elevane lagar og nokre illustrasjonar (foto av modellar/installasjonar)