utandørs i nordvest

kr150.00

Forord

Eit bokprosjekt kan i enkelte tilfelle sjå ut til å starte noko tilfeldig. Det gjeld så absolutt denne boka. Eit foto på Facebook av eit fiskemåltid ved fjorden sette det heile i gang. Ein blå tallerken på ein duk av snø på eit bord ved ein fjord var utgangspunktet. Sjåar og avsendar møttest like etter til ein middag, og resultatet blei eit bokprosjekt, – Utandørs i nordvest.

Sidan har det blitt reiser rundt til ulike stader i Møre og Romsdal gjennom eit år. Tolv bygder eller byar har vi besøkt, ein stad kvar månad. Vi har ikkje tatt omsyn til vêr og ytre forhold, men har ønskt å vise korleis vi har opplevd denne staden nettopp den dagen vi var på besøk. For oss har det vore viktig å vise store delar av Møre og Romsdal både i ytre og indre strøk. Fire stader frå kvar av delane Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre vart plukka ut.

Vi trur ikkje vi er dei einaste som har inntatt eit måltid ute i det fri. Vi trur heller ikkje at vi er dei einaste som har reist rundt og tatt bilde av vakker natur, eller som har avtalt møte med menneske ein gjerne vil treffe og slå av ein prat med. Vi har møtt personar innan ulike kulturfelt: musikk, teater, malekunst, museum, heimeindustri, innvandringsmiljø, vindyrking, ja, til og med sanseverda til hundar har vi prøvd å få med på eit av besøka våre.

Men vi har hatt ein tanke om at kombinasjonen av eit enkelt måltid utandørs og møte med menneske som på ulikt vis har noko å formidle om staden, kan vere interessant.

Utandørs i nordvest er altså inga kokebok, heller inga reiseskildring eller faktabok. Vi håper først og fremst dette vil bli ei bok det gir gode opplevingar å bla i, ei bok der ein kan følgje årstidene med ulike stemningar: blått, matt vinterlys, vårens skarpe skinn, sommaren med tidleg morgonlys og lange, lyse kveldar eller haustens klare luft som speglar varme fargar og sterke kontrastar.

Utandørs i nordvest ønskjer å vere ei opplevingsbok der lesaren/sjåaren er med på ei reise i bilde og ord gjennom dette allsidige og naturskjønne fylket i nordvest.

 

Oktober 2018

Olla Rypdal

Audbjørg Gjerde Lippert

Kategori:

Beskrivelse