Publisert på

Tippoldefar Jakob til scena!

Det er skikkeleg stas når det skjer: boka skal til scena! 

Saman med dei kreative, dyktige samarbeisvenene mine Elsa Rypdal, Mette Mjelve og Gunnar Rafteseth har idéen blitt arbeidd med ei stund. Vi har hatt improvisasjonsverkstader, drøfta kostymer og musikk, øvd og tilrettelagt. Forestillinga tar form, og vi gler oss!

Vi har til og med fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune til dette prosjektet  – ein ekstra boost og inspirasjon. Tusen takk!

Boka har blitt godt mottatt, med gode omtalar og terningkast 5. Les gjerne meir om boka i tidlegare innlegg på www.olla.no

Forestillinga er tru mot boka og følgjer hendingane kronologisk. Formidlinga er enkel og forteljarbasert med musikalske innslag, lydkulisser, enkelte tetatersekvensar – der vi også eit par gonger hentar opp barn frå salen til å vere med litt i handlinga. Dei stemningsfulle illustrasjonane frå boka av Tarjei Rypdal Eide følgjer historia.

Sjølve historia handlar om Sivert og Jenny. Dette er baksideteksten på boka:

Sivert og Jenny er søskenbarn. Dette året skal dei feire jul saman med foreldra sine på den vesle familiehytta på fjellet.

Ved bålet om kvelden fortel dei vaksne historier frå gamle dagar, om den tida då folk trudde det fantes både tussar og troll. Dei fortel også om Jakob, tippoldefaren til Sivert og Jenny, som hadde bygd hytta for lenge, lenge sidan.

Den første kvelden, då dei to barna har lagt seg på hemsen, leikar dei seg med å lage rare skuggar på veggen med lommelykter og hendene sine. Det er då dei oppdagar eit skjult skap i veggen. Dei klarer å opne skapet, og ser at det ligg noko der inne.

«Sjå på dette!» utbryt Jenny og drar fram det ho har funne. «Det ser ut til å vere gamle, gulna julekort! Så spennande! Kven kan ha lagt desse her?»

Dei blar i korta, nokre er over hundre år gamle, det kan dei sjå på poststempelet. Eit av korta viser heile himmelen i grønt lys. 

«Eg trur det må vere nordlyset», kviskrar Sivert. I det same dei snur seg for å sjå om det er nordlys ute denne kvelden, skimtar dei ei rask rørsle rett utanfor vindauget. Dei kikar ut begge to, men ingen ting er å sjå. 

«Eg syntest så tydeleg eg såg nokon der ute», seier Jenny.

«Eg òg», svarer Sivert. «Men korleis kunne nokon vere utanfor vindauget? Det er då langt ned til bakken?» Det kan ikkje Jenny svare på.

Etter kvart sovnar dei. Det dei ikkje veit, er at dei snart skal vere med på eit eventyr dei knapt kunne drøymt om!

Kvar dag fram mot jul blir vi med Sivert og Jenny på eit spennande eventyr der dei gamle julekorta spelar ei viktig rolle. Eit eventyr fylt med nostalgi og god julestemning.

Forestillingane skal gå føre seg på Hageverkstedet kulturscene, Hagnesvegen 78, Vestnes. 

Denne gamle verkstaden er gjort om til ei intim, lita scene – full av raritetar og krimskrams – eit eventyr i seg sjølv. Det er berre plass til 50 personar i salen, derfor har vi lagt opp til heile 6 forestillingar, laurdag og søndag dei tre første helgene i advent. Alle forestillingane startar kl 16.00.

Billettprisen er kr 150,-. Søk opp «Tippoldefar Jakobs julekort» på Tikkio.com  og kjøp billettar på den forestillinga som høver. Det er seks arrangement med kvart sitt tidspunkt.

Forestillinga har si eiga Facebookside:

https://www.facebook.com/Tippoldefar-Jakobs-julekort-ei-førjulsforestilling-148253034057254/

Her legg vi ut bilde, filmsnuttar og  info i tida fram mot forestillingane. Følg oss gjerne!