Publisert på

Rapport frå sofa med foten i vêret!

Rapport frå sofa med foten i vêret!

Eg var sjølvsagt fullstendig klar over at ein operasjon i eine foten ville bli ei utfordring. Å sitje «stuck» med beinet høgt, mens verda snurrar rundt utan at eg heng på er ikkje å spøke med, kjenner eg. 

Tre tær har visst fått grundig oppreising, sjølv om det kjennest ut som foten har vore gjennom ei kjøttkvern. Med hovudet mitt forstår eg at tålmod må til, sjølv om resten av meg hyler etter aktivitet.

No var likevel tidspunktet der, då Covid 19  allereie har gjort sitt for å tynne ut i oppdrag og arrangement. 

Når ein har hundar, attpåtil av det livlige slaget,  passar det aldri med fotoperasjon, men likevel ikkje det aller verste tidspunktet akkurat no, då Kaspar er åleine hund for tida. Mannen i huset blei nyleg pensjonist, og kan derfor ta seg av det Kaspar treng av tur og lufting denne perioden (den einaste som plagast av det er ei sur matmor som ikkje får vere med). 

Til neste år må nemleg foten vere tipptopp, for då er det håp om at eit nytt familiemedlem med fire bein kjem heim til oss. Fram til det er også kalenderen i ferd med å fyllest opp  med oppdrag, og nye bøker kan få sine lanseringsarrangement – hipp hurra!

Utfordringa no ligg i å halde ut. Vårluktene fyller hovudet, sola skin så grønskjeret dirrar, fuglane lagar meir lyd enn før, også. Merkeleg kor nært og på same tid fjernt slikt kan vere.

Eg veit at eg er av dei heldige som har tatt avgjerda om operasjon sjølv, og som dessutan har utsikter til å bli bra snart. Eg veit at båten ligg klar til at vi skal kaste loss, eg veit at fjellet ikkje går sin veg, men ventar på meg.

Det gjeld altså berre å gjere det beste ut av situasjonen. Eg kan lytte, skrive og lese! Mengder av webinar, podkastar, kurs og nettdialogar har strøymd ut av maccen min denne tida. Så utruleg mykje flott og spennande dyktige folk deler! 

Skrive har eg også gjort. Eit utkast på den eine boka er hos redaktør, og eg må berre stålsetje meg, så eg ikkje skriv endå ein versjon før eg har lytta til kva redaktøren har å seie. Ramma på den neste boka er også klar. Og sanneleg har ikkje den neste boka etter det også begynt å bryte seg fram.

Men det beste av alt: eg har lest. Eg har alltid lest mykje, men siste åra har evna til å sitje i ro med boka over tid, skranta. Eg har kompensert med lydbøker, for då kan eg faktisk gjere noko anna samtidig. Men no, når foten hyler om fullstendig ro, ja då har eg lest! Bok etter bok i bokstabelen min har gått unna, ført meg ut på reiser der eg har kjent ramsalt sjøsprut, hårreisande gys frå det ytre rom, og vore på kjende og ukjende kontinent – inn i den tilstanden berre ei bok kan føre deg: der orda til forfattaren gjer deg til medskapar med bilda din eigen fantasi kan lage. Og det har skjedd frå min eigen sofa, med beste Kaspar snorkande i armkroken.

Eg les ulike sjangrar, men sidan eg sjølv skriv for barn og unge er det her fokuset mitt har vore no. Dette er bokopplevingar som alle aldrar vil ha glede av. Som ein som pjaskar og skriv sjølv, har ein sanneleg noko å strekkje seg etter!

Det er ingen ting som kan erstatte boka. Statistikkane rasar nedover for boklesinga blant ungdom. Det kan gå mot eit samfunnsproblem, i tillegg til kva det tyder for den einskilde. Tiltak må til på alle plan – men dette kan vi alle gjere (ein treng ikkje ein gong operere foten, faktisk): les, opplev, bli glad, og kanskje litt klokare – og sørg for å ta med barna på reisa!