Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 2

Jenny og Sivert hentar ved til bålet frå vedskjulet. Det har vore ein kjempefin dag, med ein lang skitur oppetter ei snødekt fjellside. Her hadde dei laga både skihopp, kular og staup og hadde styra på i fleire timar.

Det sprakar og gneistrar frå bålet. Jenny og Sivert sit godt innpakka i varme klede og pledd. Det er fint å sitte her ved bålet. Rundt dei mørknar det.

«Dette er blåtimen», fortel far til Sivert. I gamle dagar trudde dei at på akkurat denne tida kom dei fram, dei som høyrde til det «blå folket» – dei underjordiske. Han peikar mot eit dalsøkk mellom to fjell. «I den dalen er det ein haug, og der meinte dei at det heilt sikkert budde underjordiske. Ein måtte passe seg vel, så ein ikkje blei lokka inn i fjellet», fortel han vidare. «Det hende dei som gjekk forbi høyrde felespel inne frå haugen, haugfolket var gode spelemenn.»

Dei vaksne ler. «I gamle dagar trudde dei på så mangt, både på underjordiske, nissar og troll» seier far til Jenny.

Jenny ser fort bort på Sivert, ho ser at han også syns dette er spennande.  Begge tenker på at dei syntes dei såg nokon utanfor vindauget i går kveld, men dei seier ingen ting til de vaksne om det. Dei vil nok berre seie at dei såg syner. Dei seier heller ingen ting om dei underlege spora dei fann i snøen utanfor vindauget då de sto opp og gjekk ut om morgonen.

«Sjå!» kviskrar mor til Jenny, og alle vender blikket dit ho peikar, opp mot himmelen. Nordlyset flakkar over heile himmelen i nord, det forandrar seg heile tida. Jenny og Sivert har aldri sett nordlys før – det er så fint at dei nesten gløymer å puste.

«Ei legende fortel at nordlyset blir til av at dei arktiske ildrevane spring så fort over snødekte fjelltoppar at snøflak lausnar og blir fanga opp av månelyset», fortel mor til Sivert. Jenny og Sivert ser opp mot Kvitnykja – er det kanskje den fjelltoppen ildrevane spring over?

Dei sit lenge ved bålet denne kvelden og ser på nordlyset. Når dei endeleg går opp på hemsen, har Sivert og Jenny ein plan: dei skal bytte på å vere vakne, for dei er sikker på at dei ikkje såg syner natta før, det hadde verkeleg vore nokon utanfor vindauget.

Sivert skal sove først. Jenny er lys vaken, så det skal ikkje bli vanskeleg å halde vakt, tenker ho. Sivert sovnar fort, og Jenny ser på de gamle postkorta. Øvst i bunken ligg kortet med bildet av nordlyset. Bildet er akkurat slik himmelen hadde sett ut denne kvelden då dei sat ved bålet. Det er nesten som bildet er verkeleg, tenker Jenny.

Det er då ho ser det: det er noko som rører seg rett utanfor vindauget! Ho er heilt sikker. Ho ristar Sivert vaken, to par auge stirer ut i den mørke natta. Ingen er å sjå, men dei ser noko nede på bakken, i snøen. Noko som ikkje har vore der før.

«Kom», kviskrar Sivert, «vi må sjå kva det kan vere!»

Stilt finn de fram skjerf og huer og listar seg ned stigen frå hemsen. I hytta er det stilt og mørkt. Dei vaksne søv.

Jenny og Sivert går ut i den kalde vinternatta.