Publisert på

Søndagsmorgon!

Søndagsmorgonen er det aller beste tidspunktet i heile veka! Ved ettertanke kan det nok hende eg kallar svært mange andre tidspunkt  gjennom ei veke også for «det aller beste». Slik som då barna på ein av workshopdagane sist veke tok luven frå meg og skar igjennom alle mine førebudde skjema på korleis vi saman skulle skru i hop ei historie. Eg slapp tøylane, barna hadde full kontroll – og historia deira sit endå fast i minnet som ei av dei aller beste! Ei fin stund var det også då eg og hundane «lufta vitet»  i kuling og rufsever uti havgapet – slik vi rett nok gjer kvar dag – men altså fine stunder, det óg. Eller den første kaffikoppen om morgonen, telefonsamtalen med barnebarna, eit hyggeleg treff, eit spennande møte, ein knallgod middag, ein tulipanbukett…. Dei gode stundene er der altså som perler på ei snor, når ein berre kjenner etter.

Søndagsmorgonen er likevel spesiell. Etter ei veke på vegen på turné til skular rundt omkring i fylket, der det handlar om høg energifaktor, fullt fokus og konsentrasjon – og heile tida «hands on», kjem søndagen, blank og ubrukt. Dei dagane eg er ute med ulike workshops er det ikkje rom for så mykje meir arbeid, energien blir brukt fullt og heilt. Slike dagar handlar det mest om å komme seg ut med hundane når eg kjem heim. Men hele tida ligg manuset på boka som er under arbeid og surrar i bakhovudet. Søndag er dagen for å vere i flytsone med bokskriving!

I dag sto eg opp klokka halv fem. To glade hundar fekk frukost og luftetur, matmor fekk den heilt nødvendige kaffikoppen. Dei to glade sovna snart – men matmor kasta seg over arbeidet. Det store arket, som fyller mesteparten av bordet, hjelper meg til overblikket på strukturane, plottet, rammene, hendingane, personane. Dette er den aller kjekkaste prosessen med boka, når alle idéane blir sett inn i konstruksjonen. Nokre idéar blir kasta, nye kjem til – endå kan mykje skje, men strukturen er på plass. No kan eg leike meg med personane og hendingane. Dei første kapitla er nedskrivne, etter utallige omskrivingar – eg veit kva som skal skje i det siste kapittelet. Endå kjem det mange endringar, før eg omsider sender første «ferdige» utkast til testlesarar og manuskonsulent. Eg boltrar meg i parallelle historier, eg er i Firenze i 1497, i Bronx i 2018 – og sanneleg ein liten tur innom nordvestlandsk kystlandskap, også. Aldo Manuzio har meldt seg, det same har Rex og Sid. Fleire bøker med interessante, innfløkte og spennande kodesystem er gjennomgått, nokre av dei skal bli med vidare – på leiting etter svaret på gåta. Som eg gler meg til å fortelje historia ferdig!

Etter denne vesle pausen med å skrive blog-innlegg, blir det eit par timar til med skriving, før hundane og eg går ut i vêret – i dag trur eg det er storm der ute.

Uansett kva som er din søndag – ha ein strålande dag i di eiga «flyt»-sone!