Publisert på

Prikkelykke

Eg ser til mi store undring at Frikk & Kaspar, mine to beste vener, dei galnaste leikekompisane, største inspirasjonskjeldene og mjukaste koseklumpane nesten ikkje er til stades på denne heimesida. Eller i Olla Forlags Instagramfeed. Det er meiningslaust. Rett nok er dei fullt ut representerte i dei personlege kontoane på Facebook og Instagram – der trur eg dei er med på kvart einaste bilde.  Men ikkje her! Det skal no rettast opp! For det er sant, dette med at mine to bestevener også er mi største inspirasjonskjelde: kvar einaste dag lyttar dei til mine mange idéar til historier og plot, både dei håplause og dei håpefulle. Dei ser på meg med bakoverbretta, glade øyre, flekker tennene i eit beundrande glis (ja, det er verkeleg slik dalmatinarane smiler på det hjartelegaste) – eller snusar vidare i grøftekanten, kanskje litt meir likegyldig til orda mine. Eg treng det også. Det er ikkje nødvendig å vere like entusiastisk kvar gong. Eg toler det.

Og ja, desse to digre, prikkete, langbeinte muskelskrottane, med føter til alle kantar, med fart og energi vi andre berre kan drøyme om, dei er også dei aller mjukaste, mest hengivne koseklumpane, der dei ligg med sine tunge hovud i matmors fang og lyttar til dei siste tekstutdraga. Slikt kan ein indieforfattar ha god bruk for. Det er nemleg ikkje alt som høver menneskelege øyre før teksten har fått prøvd seg litt.

Dei er rett og slett så inspirerande, desse to, kjenner eg, at dei kanskje må få seg ei bok ein dag. Ei bok om menneskeleg toskeskap, om kloke, lykkelege hundar og uendeleg kjærleik.