Publisert på

Om å nå ut til lesarane – og om ein liten «Sprett opp»-bokhandel!

Det er ikkje alt som går etter planen, denne tida – heller ikkje for ein formidlingsglad forfattar frå Olla Forlag. Forfattaren snakkar ofte med forlagssjefen, både om royalties, marknadsføring, arrangement og alt anna som omhandlar det å komme ut til lesarane med boka si. Forlagssjefen svarer etter beste evne, vil eg tru, men svara fell ikkje alltid i smak hos forfattaren. Slik held vi på, forfattaren og forlagssjefen, ein og same person, rett nok,  med mang ein ørkjeslaus samtale.

Forfattaren skulle så gjerne hatt eit storslått lanseringsarrangement for den nye boka si, ha lest om klokkemakaren Alfred og mysteriet hans til lyttande barn, reist rundt frå bibliotek til bibliotek, frå skule til skule, lest og fortalt. Kanskje fyrt opp ei bålpanne, tent lykter og faklar og lest for ein flokk spente barn frå juleboka, snakka med dei om nissar og troll, vende auga mot stjernehimmelen og kanskje sjå eldrevane over Kvitnykja, og alt anna som er spennande, magisk og koseleg. Forlagssjefen er einig. Men dette året blir det ikkje slik.

Likevel håper både forfattar og forlagssjef det same: at mange vil høyre om «Klokkemakar Alfreds mysterium», sjølv om vi ikkje har noko storslått lanseringsarrangement, at mange vil lese om «Tippoldefar Jakobs julekort» kvar dag fram til jul, at trilogien om Anna og Kaspar, «Amulettmysteriet», «Det gamle slottet» og «Kodemysteriet» vil ligge under mange juletre, at Audbjørgs fine romanar «Zapping» og «Kommer før lunsj» kan nå fram til mange nye vaksne som ikkje endå har lest dei, at mange barn vil få høyre om «Birgers odyssé» og om «The Iceberg Family», at endå fleire vil bli med på tur med «utandørs i nordvest».

For kanskje treng vi forteljinga meir enn nokon gong, denne vinteren. Kanskje kan boka gje eit barn ei fin stund i ei eiga verd der alt kan skje, ei god stund saman med ein vaksen som vil lese høgt, kanskje – eller vere i armkroken til ei bestemor eller bestefar, som ikkje vil noko anna meir enn å lese for barnebarnet sitt. For ikkje å snakke om oss vaksne som også treng ein «time-out» frå alt vi står i.

Forfattar og forlagssjef takkar så mykje for hjelpa frå våre trufaste lesarar som fortel til andre om bøkene våre, deler noko i sosiale  media, kanskje – og slik gir oss den beste marknadsføringa vi kan få – denne tida då vi ikkje sjølve kan reise rundt og samle flokkar rundt oss.

Det blir ingen arrangement og julemesser dette året. Men Olla forlag  vil ha ein «sprett opp»-bokhandel i Samfjordkvartalet i Brattvåg! Laurdag 21.november er datoen, og er vi heldige blir det ein laurdag i desember også. Velkommen til bokhandel, bokprat – eller berre for å ta ein titt på den vesle utstillinga knytt til nokre av bøkene.

Alle koronatiltak er på plass – du må passe på å halde avstand.

Den nyaste boka «Klokkemakar Alfreds mysterium», som er lova framkomen om eit par dagar er då på plass, rykande fersk og klar. Også det nytrykte opplaget av «Tippoldefar Jakobs julekort» har kome då, i god tid til at det første kapittelet, første desemberdagen kan lesast.

Til alle dykk andre som ikkje kjem til Brattvåg denne dagen: alle bøkene er tilgjengelege her på www.olla.no. Dei blir sendt ut med ein gong du handlar!