Publisert på

Olla Forlag feirer sine første tre år i dag!

Denne dagen for tre år sidan blei oppstarten av Olla Forlag markert, og den første boka lansert. Det har vore, og er framleis ei spennande «reise». Gode samarbeidspartnarar som Audbjørg Gjerde Lippert, Tarjei Rypdal Eide, Elsa Rypdal og Kjell Valderhaug har vore med på laget. Til no har Audbjørg og eg gitt ut til saman 10 bøker (Boka som kjem no i haust er inkludert her), to er utselde, to er omsett til engelsk, nokre e-bøker og lydbøker er på plass, andre undervegs.

Då den første boka «Amulettmysteriet» kom, hadde eg såvidt begynt å finne ut av kva som skal til for å få ei bok ut på marknaden. Det har vore, og er ei bratt, men spennande læringskurve. Ein ting er å skrive boka, lære seg handverket – vere i «bobla», leike seg med språk og idéar, drive research – ei anna sak blir det når sjølve forlagsarbeidet tar til. Det er kostbart å produsere ei bok, derfor har eg tatt arbeidet steg for steg. Ei bok ut har slik finansiert den neste, eit lite overskudd har gjort at eg kunne kjøpe tenester til produksjon av neste bok. Ein må ha redaktør, språkvaskar, korrekturlesar, illustratør, ombrekkar, trykking – og meire til. Det kjennes godt å sjølv kunne bestemme kven ein vil samarbeide med, kva tenester ein ønskjer å kjøpe – og slik eige produktet, boka, fullt og heilt.

Mest utfordrande er marknadsføringa. Her er eg heilt klart «under opplæring», for små indie-forlag slepp ikkje så lett til mellom dei store aktørane i t.d. bokhandlane. Derfor er eg svært takksam til alle som kjøper bøkene frå forlaget, og omtalar dei. Det er den aller beste marknadsføringa, og gjer at det er råd å halde fram med å skrive.

Tusen takk til alle trufaste følgjarar som har hengt med i svingane desse tre første åra, velkommen til alle nye som er nysgjerrige på kva som rører seg i eit ørlite mikroforlag, og vil vere med på reisa vidare!

Bildet under er klokkemakaren Alfred, han det handlar om i boka som no er rett «rundt hjørnet». Illustrasjonen er av Tarjei Rypdal Eide.

Alle bøker kan kjøpast på www.olla.no!