Publisert på

No er «Tippoldefar Jakobs julekort» her!

Det er alltid spennande med ei boklansering. Denne gongen var det ekstra spennande, for bokbestillinga hadde tatt lenger tid enn medrekna! Dagen før lanseringa var bøkene på plass, heldigvis. Litt «is i magen» må vi tole.

Arrangementet skulle gå føre seg i hagen på den gamle prestegarden. Boka handlar om ei jul på fjellet, med kulde og snø, bålbrenning og magisk stemning. Derfor meinte vi at sjølve lanseringa også måtte gå føre seg utandørs. På våre trakter er vêret alltid ein spennande faktor. Men ute skulle vi vere, uansett. Om det skulle bli for mykje nedbør kunne vi gå under tak for å signere bøker, så dei ikkje skulle bli våte.

Mørkret kom sigande, mens bålpanna blei fyrt opp og levande lys frå dei mange lyktene rundt om i hagen og i trea laga den rette stemninga. Kakaoen var klar – og små og store kom strøymande til og fylte alle benkar og stolar som var sett ut. Det blei akkurat så magisk og koseleg vi hadde sett for oss! Stjernene gneistra frå skyfri himmel, kuldegradene sørga for rim på bakken, ullteppe og puter heldt folk varme den stunda det blei snakka, lest frå boka – og smånissane frå haugane dukka opp.

Det kom så mange at eg nesten blei engsteleg for ikkje å ha nok bøker! Men det gjekk bra – alle som ville fekk kjøpe bok, og alle som har bestilt og kjøpt på førehand får i dagane framover sine bøker. Det måtte straks bestillast endå ein trykkerunde. Dermed skal det vere nok til alle som vil sikre seg «Tippoldefar Jakobs julekort», og få sin daglege dose med eventyr og julestemning i desember!

Boka får de kjøpt her i nettbutikken til www.olla.no. Nokre eksemplar er det også på Notabene på Vestnes og Bok & Papir i Brattvågen.

23.november blir boka også å få kjøpt på Notabene Moldetorget i samband med bokbadet med Olla Forlag som blir arrangert denne dagen. I Sykkylven finn de boka på julemesse 15.november – og på julemesse på Gomerhuset 30.november.