Publisert på

Litt om tid, klokker og «Klokkemakar Alfreds mysterium»

I dag har klokka blitt skrudd fram ein time. Ein time nærare sommaren. Kjem tida då? Eller går ho?

Benjamin Franklin var den første som ville innføre sommartid – i 1784. Ein ivrig insektsforskar heiv seg på idéen i 1895. I 1905 var det ein golfspelar som ønskte seg sommartid for å få meir tid til å spele golf. Tyskland innførte sommartid i 1916 for å spare kol under krigen – så kom dei andre landa etter. Fekk alle betre tid då? Rakk dei meir?

Men er det slik at den vesle edderkoppen opplever ein time på same måte som eg gjer det? Eller er min time edderkoppens dag?

Korleis visste dei kor lang ein time var i oldtidas Egypt? Og kva var det Einsten fann ut? Kva i all verda er eit hemverk?

Omgrepet tid kan sanneleg få det til å gå rundt i skallen på nokon kvar. Temaet har lenge surra rundt i hovudet mitt, men no er sjølve tekstdelen på den komande boka nesten ferdig. Redaktøren har sagt sitt – eg har leika meg litt meir med personane, tenkt endå fleire tankar om tid  – og har no litt finpuss igjen, før boka skal språkvaskast og korrekturlesast. Så er det illustratøren som skal i gang med framsida, bokomslag – og illustrasjonar. Truleg vil boka vere ute i verda utpå hausten ein gong.

I boka «Klokkemakar Alfreds mysterium» er det Rosie og Tobias som undrar seg over kva tid er. Dei møter gamle klokkemakar Alfred, som fortel dei om eit uløyst mysterium.

Dette er henta frå forordet i boka:

«I familien har vi mange gamle klokker. Fleire av dei har min grandonkel Alfred laga eller reparert. Då eg leita bakover i tida etter historiene til klokkene, kom eg over historia om klokkemakaren Abraham Louis Breguet, som var fødd i 1747. Dei to klokkene denne boka handlar om blei laga av han. Under den franske revolusjonen forsvann klokkene,  og har sidan aldri blitt funne igjen. Det var mange dramatiske hendingar i Frankrike på denne tida, og dei to klokkene har i denne boka fått bli med på nokre av desse hendingane. Personane har levd, hendingane er verkelege, men reisa til klokkene er det eg som har fletta inn i historia. Gamle onkel Alfred har også verkeleg levd, men ikkje alle dei andre i denne boka. At dei to klokkene kom inn i denne familien si historie, og korleis det skjedde, er også rein fantasi.»

Etter at ei historie har komme så langt at ho kan kallast ferdig (ferdig blir eg aldri, men på eit tidspunkt ein sleppe taket), kjenner eg meg tom. Eg tenkte at no blir det ikkje fleire historier. Det kjentest heilt tomt.

 

Men så kom det sanneleg ein tanke…. Dermed er eg i gang igjen. Det kjennes godt – og tid, ja det har eg visst nok av akkurat no.

 

Under finn de nokre av alle dei klokkene familien har samla gjennom tida.

Foto: Nikolai Rypdal Tallaksen