Publisert på

Kofferten

Tidlege morgonar er den beste tida på døgnet å dukke ned i skrivearbeid. Slik også i dag. Ein riktig god arbeidsdag, allereie før klokka er 8 om morgonen. Endå har eg nokre timar på meg før dei firbeinte, prikkete karane mine forlangar tur.

Eg skriv i fin flyt, det eine kapittelet føyer seg etter det andre, plottet er på plass, hovudpersonane oppfører seg stort sett etter mitt hovud, med nokre få uventa krumspring. Det får eg vel tåle. Skal eg endre tittelen tru? Endå er det berre ein arbeidstittel. Skal eg utsetje ein av hovudpersonane for endå hardare medfart, før alt går bra? Litt for lite spennande? Litt for skummelt? Litt for sært? Spørsmåla er mange, mens bokstavane renn bortetter skjermen som ein hoppande, sildrande bekk. Snart er manuset klart nok til å sendast til manuskonsulenten.

Det er berre eitt problem. Heile tidar dukkar det opp eit forstyrrande element i hovudet: kofferten. Eg veit at det går føre seg ting på loftet. Eg veit at ting stadig blir flytta på, eg veit at ting aldri er der eg trur dei skal vere. Den gamle kofferten, som eg alltid har med meg når eg skal lage historier saman med barn på skular, bibliotek og andre stader, ser ut til å vere tilhaldsstad for nokon. Eg opnar alltid kofferten forsiktig, vel vitande om at eg kan få ei overrasking, sjølv om eg pakka kofferten etter alle kunstens reglar kvelden før. Før eg veit ordet av det bryt han vel inn og tar styringa på heile opplegget eg har saman med barna! Men eg har aldri funne ut kven det er som ser ut til å leve sitt eige, merkelege liv i kofferten. Før no. Historia om denne vesle krabaten bryt seg fram, er eg redd. Eg må berre prøve å halde loket på kofferten til eg er ferdig med denne andre boka eg arbeider med kvar dag no, den som snart skal vere klar, før eg slepp fram den vesle karen som no brenn etter å  fortelje historia si.

God søndag!