Publisert på

«Kodemysteriet» til litteraturfestivalen «Bok i Lofoten»!

Det blir arrangert ei rekkje litteraturfestivalar rundt omkring i landet. I mars blir «Bok i Lofoten» arrangert for tolvte gong. Dette er ein bokfestival for elevane både i grunnskulen og vidaregåande skule, der forfattarar blir inviterte til festivalen for å presentere den aktuelle boka si for målgruppa.

Dette året er eg ein av dei heldige forfattarane som har blitt invitert til festivalen – og skal presentere boka «Kodemysteriet»! Eg gler meg til å treffe elevane, til å oppleve Lofoten – og til å treffe dei andre forfattarane. Litt av ein inspirasjons-boost, dette!

Du kan lese meir om festivalen og forfattarar som har vore der på Facebooksida deira: «Bok i lofoten».

Om du vil vite meir om «Kodemysteriet» som kom ut denne hausten, finn du fleire innlegg om boka her på www.olla.no 

Boka har fått god omtale frå dei som har lest ho, og sjølv om ho er retta mot ei ungdommeleg målgruppe høver ho alle som liker mysterier og spenning. Anna, Kaspar og venene løyser flokane denne gongen, også!

 

Her får du eit lite leseutdrag frå boka:

 

Vargholmen, torsdag 4. oktober 2018

 

«Vi må sjå nærare på kartet», sa Erik. Anna hadde det i lomma og drog det fram. Heile ettermiddagen hadde dei gått rundt omkring i huset og leitt etter skjulte dører. Dei hadde saumfart alle rom, men utan resultat. No låg igjen kartet framfor dei på bordet på stua. Den stipla linja stoppa ved vestveggen, nær eit av hjørna på huset.

«Veggen er då fylt med bokskapa», sa Anna. «Det kan ikkje vere nokon utgang der vel?»

«På utsida er det berre eit av karnappa som går ut frå andre etasje – ikkje frå første etasje», sa Siri.

«Eg trur vi må sjå meir i boka som kartet låg inni», sa Anna tankefullt. «Kanskje vi har oversett noko?»

Erik gjekk bort til bokskapet for å hente boka. Siri sat og bladde i telefonen sin.

«Sjå bilda eg tok i dag», sa ho og lo. «Vi sender bilda til Rex og Sid!» Anna kika over skuldra hennar. Dei sende to – eit «normalt» og eit med rare grimasar til Sids telefon, i fall Rex enno ikkje hadde fått seg ein ny. Siri viste fram panoramabildet ho hadde tatt.

«Sjå, der står bilen», sa Anna. «Og rett etterpå var han søkk vekk», kom det frå Siri.

 

Kaspar skrapa på døra. Det hadde blitt mørkt ute no. Det fine haustvêret hadde gått over. Stiv kuling frå nordvest var på veg inn frå havet. Vinden ruska og reiv i trea, og store regndropar fall frå tunge skyer. Snart ville det bli kraftig regn. Anna opna for Kaspar og sette døra på gløtt. I dette vêret ville Kaspar gjere frå seg i ei fart og springe inn igjen. Dei tre venene sette seg ned i sofaen. Anna hadde den gule boka i fanget. No bladde dei seg gjennom ho side for side. Dei hadde enno ikkje funne kva Peter hadde meint med tala 232. På side 232 hadde dei lagt inn eit bokmerke. Dei hadde lese denne sida mange gonger. Men det var berre heilt vanleg skrift her, lik alle dei andre sidene i boka.  

Plutseleg såg Anna seg rundt: «Er ikkje Kaspar inne enno?» Ho spratt opp frå sofaen. Ute plaska regnet ned, men Kaspar hadde ikkje komme inn! «Kaspar!» ropte ho, men Kaspar kom ikkje.

«Kan han ha komme inn utan at vi merka det?» spurde Siri. Det trudde ikkje Anna, men sprang likevel frå rom til rom mens ho ropte på han. Kaspar var ikkje å finne nokon stad. Anna blei meir og meir fortvilt. «Det er heilt ulikt han å ikkje komme når eg roper – og det attpåtil i slikt vêr. Eg trur noko må ha hendt han! Eg må ut og leite!» Tårane stod i auga på Anna, – ho som hadde lova seg sjølv å passe godt på etter at Kaspar hadde ramla ned i holet.

«Vent!» sa Erik. «Det er betre at Siri og eg går ut og leitar, så er du her, i fall han dukkar opp og kjem inn! Vi tar med lommelykter og telefonar, så vi kan seie frå til kvarandre når vi finn han!» Før Anna rakk å seie meir, hadde Siri og Erik tatt på seg støvlar og regnjakke og sprunge ut. Anna stod i døra og såg etter dei. Snart såg ho berre lyset frå lyktene deira på veg ut mot fortet.

Med eitt kjende Anna seg redd. Å vere heilt åleine i dette store, gamle huset, no seint på kvelden, i mørkret, kjendest ikkje særleg hyggeleg ut. Ho var elles aldri åleine, eigentleg, for Kaspar var alltid der. Men ikkje no! Kva kunne ha hendt denne gongen? Kunne han ha ramla ned i holet igjen? Det var ikkje så sannsynleg. Han ville aldri finne på å gå så langt frå huset i dette vêret.

Igjen ropte Anna på han: «Kaspar! Kaspar! Kom!»

Men Kaspar kom ikkje. No måtte Anna sette all sin lit til at Siri og Erik fann han. Det var trass i alt betre at dei var to saman som gjekk ute i mørkret, tenkte ho. Ho sjølv slapp i alle fall å bli våt og kald. Ho lét døra framleis stå på gløtt.

Igjen sette ho seg i sofaen. Ho ville prøve å konsentrere seg om den gule boka og det gamle kartet for å døyve uroa for Kaspar. Ho ante verkeleg ikkje kor mange gonger ho hadde sett på side 232 utan å skjøne noko som helst. Kanskje Rex og Sid kunne forstå meir? Rett nok var boka på norsk, men likevel verd eit forsøk. Ho tok bilde av sida og sende til Sid. Så såg ho på kartet igjen og fann ut at det ikkje var nødvendig å sende bilde av det. Det måtte dei som var her på Vargholmen, finne ut av sjølve. Det var så merkeleg at det ikkje var råd å finne ein utgang til denne tunnelen som tydelegvis hadde eksistert ein gong. Det måtte vere eit viktig spor! Brått slo ein tanke ho: Kva om utgangen kunne vere frå andre etasje? Sidan det ikkje var anna enn murar utan kjellar i huset? Det var betre å gjere noko mens ho venta på Kaspar. Då fekk ho tankane vekk frå kva som kunne ha hendt med han. Ho treiv med seg kartet og boka – og telefonen sin – i fall Siri og Erik skulle ringe, og sprang opp trappa til andre etasje.

 

  

                                                                 Kapittel 12        

                       

                                                       EIN FRAMAND I HUSET

 

 

Vargholmen, torsdag 4. oktober 2018

 

Siri og Erik gjekk utover mot fortet. Dei hadde snørt hettene på regnjakkene tett rundt hovudet, regnet hølja ned og vinden piska rundt dei. Det var nesten uråd å snakke i den sterke vinden, som dessutan såg ut til å auke.

«Stakkars Kaspar om han er ute no!» ropte Siri.

«Håper det ikkje har hendt han noko!» svarte Erik som ropte like høgt. Lyset frå lyktene deira sveipa over landskapet der dei gjekk utover mot fortet. Men ingen Kaspar var å sjå. No var dei heilt ute ved dei gamle bunkersane.

Erik bråstoppa. Lykta peika mot eit av dei underjordiske romma dei hadde gått gjennom tidlegare. Opninga og trappene, og også sjølve det underjordiske rommet, var hogd ut av berget.

«Eg synest eg såg noko som rørte seg der borte!» ropte Erik. «Kom igjen – det kan vere Kaspar!» Dei sprang bort til trappa som førte ned i rommet. Den store ståldøra stod open, slik ho tydelegvis alltid gjorde. Lyset frå lyktene deira sveipa ned trappa, langs golvet og veggene. Veggene var delvis bergvegg, men mura opp fleire stader for å gjere dei slettare.

«Sjå – det ligg noko på golvet der borte i hjørnet!» ropte Siri. Dei gjekk fort ned trappene og bort til hjørnet. Lyktene lyste mot den kvite bylten som låg på golvet.

I det same høyrde dei eit brak som gjalla i øyra.

 

 

Anna gjekk inn i alle dei tre soveromma og inn på badet. Ho saumfor alle veggene, men skjønte at det ikkje kunne vere nokon utgang frå desse romma. I det store rommet dei no brukte til soverom alle tre, sette ho seg ned i det eine karnappet ved verandadøra. Ein gammal lenestol og eit lite bord var plasserte her. Ho såg seg rundt, men tankane gjekk heile tida til Kaspar.

Plutseleg høyrde ho ein lyd. Utgangsdøra nede som stod på gløtt, knirka. Ho reiste seg brått og skulle til å springe bort til trappa. Det var sikkert Kaspar som kom inn, tenkte ho. Men så knirka døra igjen. Nokon dytta døra forsiktig tilbake. Det kunne ikkje vere Kaspar. Han lét ikkje att dører etter seg. Var det Siri og Erik? Anna skulle til å rope, men stoppa før ho fekk opna munnen. Ho blei ståande heilt stiv i kroppen, mens ilingar fôr nedetter ryggen. Det prikka i hender og føter – kroppen til Anna var plutseleg i alarmberedskap. Dette var ikkje Siri og Erik heller, for dei ville ha ropt på ho. Anna kunne høyre fotsteg bortetter dei knirkande plankane på stua nede i første etasje. Det høyrdest ikkje ut som om personen prøvde å vere still. Trudde han eller ho at dei alle tre var ute og leita etter Kaspar, og at ingen var inne? Hjartet til Anna dundra i brystet hennar. Kven kunne det vere? No høyrde ho at skuffer blei dregne ut frå skapet, og skapdører blei opna og lukka. Etter kvart høyrdest det ut som om personen der nede blei meir utolmodig og uforsiktig. Lydane blei kraftigare. Anna kunne høyre at  gjenstandar blei kasta hardt mot golvet, glas knustest – var det glaset i bokskapa? Var dunkelydane bøker som blei kasta i golvet? Personen leita heilt tydeleg etter noko. Anna blei ståande stiv og urørleg. Ville den ukjende komme opp hit også? Ho måtte gøyme seg, men kvar? Fortvilt såg ho seg rundt i rommet. Ho våga ikkje gå inn i eit anna rom, for då ville stega hennar høyrast nedanfrå. Kva skulle ho gjere? Kven var denne personen, og kva ville han eller ho? Ho merka at ho enno stod med mobilen i eine handa og kartet i den andre. Den gule boka hadde ho lagt frå seg på bordet i karnappet. Skulle ho ta sjansen på å ringe til Siri og Erik? Skulle ho sende ei melding? Rakk ho det? Då høyrde ho fotstega i trappa.