Publisert på

«Klokkemakar Alfreds mysterium» er i trykken!

Endeleg er den nye boka i trykken! «Klokkemakar Alfreds mysterium» har gått gjennom alle prosessane som høyrer med når ei ny bok skal ut i verda – spenninga og forventninga er stor når no endeleg dagen for å halde boka i handa er rett rundt hjørnet.

Bak sjølve plottet i boka ligg det ein lang prosess. Det fins så mange spennande historier å gripe fatt i, både dei som verkeleg har hendt – og dei som fantasien set saman. Denne boka er ein kombinasjon av verkelege og oppdikta historier. Inspirasjonen fann eg, som i fleire av dei andre bøkene mine, i gjenstandar, foto, brev og hendingar i mi eiga slektshistorie. Der har eg plukka, lånt og omdikta – og slik har historia om to gamle, gløymde klokker og klokkemakaren Alfred smelta saman. Dei to hovudpersonane Rosie og  Tobias dukka plutseleg opp, gjorde krav på å få vere med i historia, der dei er med på å nøste opp i spennande hendingar.

Opplaget på boka er lite, så vil de sikre dykk denne til julegåve er det lurt å vere rask! Kjøp boka på www.olla.no, eller vipps til: 127189, merk med namn og adresse. Pris: 298,-

Her skal de få ein liten smakebit frå ei av dei dramatiske hendingane i boka, illustrasjonane er det Tarjei Rypdal som har laga:

«….Aslak hadde reist seg, han sto brått og stirde, stiv i kroppen. «Kva ser du på?» spurde Ingeborg, og snudde seg i den retninga Aslak såg. Då såg ho det også: det sto ei mørk røyksky mot himmelen.

«Det er heime!» ropte ho. Aslak la på sprang, dei andre slåttekarane kom seg opp og sprang etter. Ingeborg kom etter så fort ho kunne, men ho måtte få meg seg veslejenta, og hadde også barnet i magen å bere på, så ho klarte ikkje springe like fort.

Hjartet banka hardt i brystet på Aslak. Han sprang alt han var god for. Tankane jaga gjennom hovudet hans: vesle Knut låg åleine, febersjuk i senga! Han måtte klare å få han ut før flammane tok tak i heile huset!

Aslak kom først fram. Flammane sto ut frå taket på huset han sjølv hadde bygd, for berre fjorten år sidan. Han sprang mot døra. Heile huset var overtent, brannen hadde starta der lynet hadde slått ned, i det knusktørre torvtaket. I det same han treiv i dørhandtaket kom døra imot han, og ut sprang vesle Knut. Tårane rann nedover kinna hans, i hendene bar han eit lite bjørkeskrin.

Huset kunne ikkje reddast, men vesle Knut hadde klart å komme seg ut, og han hadde fått med seg den dyrebare skatten: dei to klokkene.»

 Boka rettar seg mot aldersgruppa 8- 12 år – høver også godt som høgtlesing!