Publisert på

Julekalender: 1.desember

Velkommen til første dagen i julekalenderen! Kvar dag kjem det ein liten omtale av ei av bøkene i bokhylla mi – gode bokopplevingar eg gjerne vil dele.

Ein konkurranse høyrer med – sjå nedst i innlegget!

 

Den første boka ut i denne bok-kalenderen er ei barnebok – sjølv om både forfattaren og eg meiner at boka (og også dei andre bøkene av forfattaren) høver godt for alle aldrar.

«Jim Knapp og Lukas Lokomotivfører»er skriven av den tyske forfattaren Michael Ende(1929 – 1995).

Dette er debutboka til forfattaren (1960) – den første av ei rekke bøker som gjer Michael Ende til ein av dei største eventyrforteljarane i vår tid. Han har fått ei rekke prisar for både denne boka og dei andre bøkene sine, to av dei mest kjente er «Momo, eller kampen om tiden» og «Den uendelige historie». (Begge desse to er filmatiserte).

Frå baksideteksten til «Jim Knapp og Lukas lokomotivfører»:

«På den bitte lille øya Lummerland bor fire innbyggere og et lokomotiv. En dag kommer det en pakke til øya, og i den finner de vesle Jim Knapp. Alt hadde vært vel og bra om ikke Lummerland var et så ualminnelig lite land – og derfor blir det for trangt for fem innbyggere. Jim og Lukas bestemmer seg for å legge ut på en reise over havet – og nå skjer det spennende og merkelige ting…»

Ein sommar for mange år sidan var denne boka opplesingsserie i Barnetimen for dei minste på NRK radio. No avdøde skodespelar Lars Andreas Larssen las. Kombinasjonen av ein genial forfattar med ei altoppslukande historie, formidla av ein dyktig skodespelar, kan skildrast med eitt ord: magisk. Eg gjekk ikkje glipp av ein einaste episode den sommaren – heller ikkje dei rundt meg, som var meir i målgruppa for Barnetimen for dei minste enn eg! J

Boka ser ut til å vere utgått frå forlaget – men takk og pris: vi har biblioteket!

Michel Ende var teaterutdanna og arbeidde både som regissør, filmkritikar og tekstforfattar. Begge foreldra hans var kunstnarar, innanfor den surrealistiske sjangeren, av naziregimet stempla som «degenerert kunst». Denne oppveksten, og  opplevingar under naziregimet prega forfattaren og forfattarskapet hans. Han nytta alle høve til å kritisere alt nazismen sto for. I bøkene hans fins mange spark mot nazismens indoktrinering.

Forfattaren var sjølv ikkje komfortabel med å bli omtalt som barnebokforfattar, han meinte at han skreiv for alle. Bøkene omhandlar kompliserte og alvorlege tema, men skrive på ein forståeleg og likefram måte. Det er mange lag i bøkene hans, ein kan gjere stadig nye oppdagingar i tekstene når ein les bøkene om igjen.

For dei som vil vite meir om Michael Ende og bøkene hans fins det på www.sølvberget.no ein artikkel av Yngve Bergesen Anda (6.april 2017): «Michael Ende og Den uendelige historien. Da den humanistiske surrealismen møtte hockeysveisen».

 

Konkurranse!

 Som lova, her kjem første «boklege spørsmål» i denne daglege kalenderen fram mot jul:

 Kva heiter den norske barnebokforfattaren som fekk Brageprisen i 2017?