Publisert på

Julebakst

Det er nokre år sidan eg var ei lita juleglad jente som ivrig deltok i alle slags førebuingar til julehøgtida. Det var ikkje reint lite som skulle gjerast den gongen, skulle det vere rett. Og heime hos oss skulle alt vere på plass: vasking av veggar og tak, skrubbing av teppe og møblar. Boning av golv og trapper. Polering av bordflater og sølvpuss. Rull og sylte, sirupssteik i lake – og småkaker. Uendelege mengder med småkaker. Store deiger skulle eltast, knas og formast. Eg syns eg kan kjenne dei støle tommelmusklane, berre ved tanken.

Det blei kanskje i meste laget, den gongen. Juleglad er eg enno, men eg har slett ikkje nokon utprega iver på å kaste meg uti bakinga kvar gong jula nærmar seg, no lenger. Det står heller ikkje så bra til med sjølve bakekompetansen, skal eg vere ærleg. Eg veit ikkje heilt kva det kjem av, eg er då glad i å ete kaker. Eg kan også lese og forstå ei oppskrift, men det handlar kanskje om å ha tålmod til å følgje oppskrifta. Eg syns det er greit med ein dæsj av ditt og ein dæsj av datt, etter korleis eg føler for det. Det går ikkje så bra, sjøvsagt. Dessutan skal det ein viss finmotorikk til for å utforme alle desse godsakene. Det har eg absolutt ikkje tålmod til. Ein gong eg i tankeløyse og julestemning skulle gje meg i kast med berlinerkransar, enda det med at eg pressa dei deformerte, klissete små kransane inn i kvitløkspressa og klemde ut små haugar med noko som likna pasta, trollhår – eller helst tarmar, kanskje. «Det smakar litt kjent, men…» var kommentaren eg fekk.

Men eg er ikkje den som gir meg. Peparkaker og vestlandske kakemenn høyrer med. Og sjølvsagt peparkakehus! Eg er ikkje heilt sikker på om eg kan kalle prosjekta vellykka, men innsatsen er det ikkje noko å seie på. Frikk og Kaspar, mine elskelege prikkegutar, heiar alltid på meg frå sidelinja. Dei trur vel dei skal få vere med i ei bok til slutt.

Ha ei riktig god førjulstid – med eller utan julebakst!

«Då var vi i gang igjen. Er redd det har blitt reine tradisjonen.»

«Men bra at ho har gått ned litt på krava frå tidlegare. Skulle ikkje bli slott, funkisvilla eller kongerike i år, men noko meir funksjonelt, sa ho.»

«Bu-bil, ja. Ho sa vi skulle få bli med på forfattarturné!»

«Ja, det kunne vore kjekt, det. Matmor likar det litt ‘friskt’ i vêret, men kan hende ho har gløymt korleis vêret er i desember, når ein ser på vindauga, meiner eg…?

«Men noko tyder på at vi slepp fartsbot, ho vil nok klare å halde fartsgrensene med denne!»

«Ja, bror, vi kan sjå noko positivt med det meste!»

«Og det viktigaste er på plass: matmors bokstablar og kjøtbein til oss. Vi skal nok klare oss!»

 

«Så det var derfor ho kalla oss ‘krona på verket’!»

«Det er kanskje bra ho har gått vekk frå arkitekturprosjekta frå i fjor og i forfjor – når ein ser på tårna her, meiner eg…»

«Eg er litt usikker på dette, bror – noko tyder på at kongerika våre står for fall!»

 

 

«Du, bror, no er det visst DEN tida på året igjen!»

«Ja, ho snakka om nytt hus igjen, det gjekk ikkje så bra i fjor.»

«Skulle bli ‘stilreint og minimalistisk’ i år, sa ho.»

«Ganske trendy, matmor. Det skal ho ha.»

«Litt vel trendy og minimalistisk, kanskje? Eg kan ikkje sjå noko dør eller vindauge – lurer på korleis vi skal komme oss inn og ut…»

«Kred for dekor. Det skal ho ha.»

«Litt usikker på denne flyttinga eg, bror. Skulle bli eit kjempefint slott, sa ho…»