Publisert på

Framsida til «Kodemysteriet» er klar!

Framsida på den tredje boka om Anna og Kaspar er klar! Også denne gongen er ho laga av Tarjei Rypdal Eide.

Det er endå ei stund før boka er heilt ferdig – slikt som redigering, språkvask og korrektur må til, men i løpet av hausten skal ho vere ute!

Som i dei to andre bøkene om Anna og Kaspar, «Amulettmysteriet» og «Det gamle slottet», er det også denne gongen, i «Kodemysteriet»,fleire parallelle historier, som til slutt blir fletta saman.

Mens Anna, Kaspar og venene leitar etter spor på Vargholmen i Norge, opplever Rex og kompisen hans mystiske hendingar i New York. Vi tar også eit blikk tilbake til året 1497 –  til Italia – der ei dramatisk hending er utgangspunktet for mysteriet Anna og venene møter 521 år seinare.

Det skal vise seg at gamle, støvete, nærast uleselege bøker kan innehalde spennande, skjulte bodskap…..

Meir om «Kodemysteriet»:

«Anna kjente panikken som ei kald klo rundt kroppen. Ho klarte ikkje røre seg! Stega i trappa kom nærare, snart ville den framande vere oppe! Han måtte ikkje finne henne! Det var som om lyden av fotstega i trappa forsterka seg til gjallande kanondrønn i hovudet til Anna. Det susa i øyrene hennar, hjartet dunka hardt og fort. Sekunda kjendes som år. Plutseleg slo ein tanke ned i hovudet hennar. Ein skarp, klar tanke – som eit oppklarande lyn. Ho stira på den breie karmen under vindauget i karnappet. Akkurat då kom det eit pling frå telefonen i handa hennar. Den lyden måtte personen i trappa også ha høyrt! Fotstega i trappa blei raskare! Anna rakk ikkje sjå på meldinga, ho tok eit kjapt steg mot vindauget, og tenkte at ho berre hadde ein einaste sjanse. Ho stappa kartet i bukselomma, og greip hardt tak i kanten på karmen.»

Anna er igjen midt oppi mystiske hendingar. I denne boka er ho saman med hunden sin, Kaspar, og dei to venene, Siri og Erik, i eit gammalt hus på Vargholmen, der det ligg eit kystfort frå krigens dagar. Annas familie har arva det gamle huset frå onkel Peter, som har budd i USA i heile sitt vaksne liv. Peter hadde også eigd eit antikvariat i New York, og hadde heile livet sitt forska på hemmelege kodar som fins i gamle, støvete bøker frå fleire hundre år tilbake i tid.

I huset på Vargholmen finn Anna eit brev som Peter har skrive til henne før han døydde. Dette brevet er starten på jakta etter eit godt gøymd dokument – ei bok som har ei heilt spesiell historie.

Anna og venene kjem i kontakt med Rex, som har overtatt Peters antikvariat i New York. Saman løyser dei kodane og finn spora som fører dei nærare den mystiske boka.

Men snart viser det seg at også andre, av gode grunnar er ute etter den same boka, og desse personane skyr ingen ting for å få tak i ho. Det blir meir spenning, og farlegare enn dei kunne tenkt seg, då dei etterkvart kjem ut for farar og utfordringar – både dei som er på Vargholmen, og i dei som er i New York.