Publisert på

Eit lite tekstutdrag frå første kapittelet av «Det gamle slottet». Boka er no i trykken!

 

1. KAPITTEL

 

NAMIRA

 

Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys. Ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggene i det gamle slottet. Plystring frå ein kjend song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort…»

Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm!
Er det brannalarm? Tjuverialarm?
Anna må finne mor og far. Ho strammar bandet til Kaspar, men der er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar.

 

 

Dagen før dette hender, møter vi Anna og Kaspar i ei trong, bratt gate dekt med brustein.

No gjorde han det igjen!
«Kaspar! Kom hit» roper Anna. For eit elendig tidspunkt å stikke av på, tenker Anna, og spring etter Kaspar, uroleg for kva han finn på.

Kaspar er hunden til Anna. Ein hund med særpreg, som far seier. Han er ein bullterrier, snill – og eigenrådig. Lydig er han berre når han sjølv vil.

Akkurat no vil han tydelegvis slett ikkje vere lydig. Han har nemleg kjent ei god lukt, skjøner Anna, for ho kjenner lukta sjølv også. Det luktar verkeleg godt.

Anna er saman med foreldra sine på haustferie i Frankrike. Dei er i ein liten borgby som ligg på ei høgde ved Middelhavet. Alle husa i den vesle byen høyrer til borga. Anna og foreldra hennar har leigd eit lite hus og skal vere her heile haustferieveka. Anna har gledd seg lenge. Det er ikkje ofte familien er i utlandet. Som oftast er dei på båttur på Nordvestlandet, der dei bur. Ein utanlandstur er det litt meir sus over, synest Anna.

Rett nok er ikkje alle båtferiar kjedelege. Denne sommaren hadde Anna hamna midt oppi eit mysterium om ein gammal afrikansk amulett. Ho og venene Siri og Eirik hadde fått det meste av æra for at mysteriet vart løyst. Anna hadde ikkje ein gong vore nøydd til å fortelje noko då ho kom tilbake til skulen etter ferien. Alle hadde lese om ho i avisene. Det kjentest litt godt, sjølv om all denne merksemda kunne bli i meste laget av og til. Ho som til vanleg var stille og sjenert, hadde sett at ho kunne vere modig og snarrådig, kanskje modigare enn mange andre til og med. Ting hadde endra seg etter det som hadde hendt. Anna var ikkje så mykje aleine lenger. Ho trekte seg ikkje alltid unna når nokon ville ha ho med, slik ho hadde gjort før.

No er dei altså på den turen dei har planlagt så lenge. Far og Anna har hatt mor til fransklærar eit år, så Anna kan ein heil del fransk. Mor snakkar fransk som ein innfødd, noko som ikkje er så rart, sidan ho budde mange år i Frankrike då ho var ung. Eigentleg er ho dansk og snakkar ei underleg blanding av dansk og vestnorsk.

Dei har reist med fly til Nice. Derifrå har dei køyrt buss fram til den vesle, koselege byen. Dei har berre så vidt vore inne i huset og sett frå seg bagasjen før dei går på oppdagingsferd i området.

Kaspar er alltid med når Anna og foreldra skal på tur. Denne gongen måtte han reise i eit eige bur som vart plassert i lasterommet på flyet. Men det plaga ikkje Kaspar, såg det ut til.
Byen er så liten at her er lett å finne fram. Mor og far har sett seg på ein fortauskafé, mens Anna og Kaspar ruslar ein tur på eiga hand.

Anna synest det er spennande å kikke inn i tronge gater og smug. I den gamle borgmuren er det koselege dører inn til dei små husa. Vindauga, dei små verandaene og husveggene er pynta med blomster. Her og der veks det granateple, mango og sitronar på trea i bakgardane og oppetter borgmurane. Det er så stilt, for her er det ingen butikkar og lite bilar. Det er visst utanfor turistsesongen også. Anna har berre sett to typiske turistar med kamera med blikket søkande rundt etter fine fotoobjekt . Ein katt slumrar oppi ei blomsterpotte, men luskar vekk då Anna og Kaspar nærmar seg.

Heilt øvst i borgbyen ligg slottet, eit gammalt slott frå den tida borga var bygd, for om lag 700 år sidan. Anna gler seg til å sjå det på innsida. Ho har aldri vore inne i eit ekte slott før.

Kaspar og Anna har gått ned ei smal, bratt trapp som er ein del av den tronge gata. Anna kan høyre klimpring frå ein gitar. Den som spelar, øver seg visst, leitar etter tonane før grepa omsider er på plass. No kan Anna høyre kva song det er: «Mon coq est mort, mon coq est mort…» Den songen kjenner Anna godt, for dei song om den daude hanen, «Min hane er død, min hane er død!» på skulen, på mange språk, i kanon, då Anna var yngre.

Akkurat her er det altså Kaspar finn på å slite seg laus frå Anna. Han har allereie funne ut kor den gode lukta kjem frå, «matvrak» som han er, og smett inn ei dør som står på gløtt. Brått stilnar tonane frå «Mon coq est mort».

Anna er i villreie. «Eg kan då ikkje berre gå rett inn i husa til folk eg ikkje kjenner», tenker ho. Men sidan det er akkurat det Kaspar har gjort, veit ho at han må hentast.

Anna bankar forsiktig på døra som står på gløtt, og opnar henne sakte…