Publisert på

Ei lita helsing til lesarane

Kvar dag før jul legg eg ut eit kapittel av den vesle julehistoria «Den magiske julebjella» – og eit boktips, henta frå bokhyllesamlinga mi. For meg er dette eit hyggeleg førjulsrituale. Det er gjerne tidleg om morgonen eg skriv litt, med kaffekopp, lukta av julerøykjelse – og dei to hundane mine, Frikk og Kaspar roleg sovande ved sida av meg. Ei god stund, med julestemning og ro.

Det er også hyggeleg å sjå på statistikken at talet på lesarar på sida mi er stadig aukande. Eg håper de som les også kosar dykk med det de les.

Eg hadde sjølvsagt ein plan då eg la ut det første kapittelet i «Den magiske julebjella» – ei grunnhistorie, som med små justeringar kunne tilpassast ein slags julekalender. Men det viser seg, som nesten alltid hender når ein skriv: historia lever sitt eige liv – og sanneleg om eg veit heilt kva som skjer  i alle kapitla framover! Ta det for det det er: eit lite, uhøgtideleg eventyr om jul og nissar – og om å hjelpe kvarandre. Desse små kapitla er ikkje underlagt vanleg regime med språkvask og korrekturlesing – slett ikkje tiltenkt noko bokform – så ber over med «smårusk»!

Det hadde vore svært hyggelig om lesarar hadde noko å kommentere: blir historia lest for barna i familien, kanskje?

Ønskjer alle ei god siste førjulsveke – eg lovar at historia om Sivert og Jenny i alle høve skal ende godt!

Helsing Olla