Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 9

Eit stykke oppetter det høgaste fjellet kan ein, om ein ser riktig godt etter, sjå ein mørk flekk i fjellsida, mest som ein sprekk. Det er akkurat det det er, og innanfor den sprekken er det ei hole. Det svært få veit, er at denne hola har vore heimen til troll gjennom mangfoldige hundre år – og er det endå! I trollhola denne natta er stemninga dårleg, slik den ofte er. No er vi i trollhola natta før dei fem venene våre er ute i snøvêret på leiting etter julebjella.

Det er ikkje lenge sidan Trollgufse og Trolltufsen var som snarast innom. Dei var uvanleg løyndomsfulle. Dei insisterte på å få med seg onkel Trollfjoms. Dei hadde noko veldig viktig å gjere, sa dei. Trollmor syntes det var mistenkjeleg.

«Støtt finn desse to karane på noko tull», mumlar ho for seg sjølv. Ho må som vanleg styre på frå morgon til kveld, aller helst når det er kveld og natt – for trolla søv mest om dagen. Trollhola er full av trollungar som finn på fantestreker, luggar, sparkar, slår og kranglar. Borti ein krok sit eldste trolldattera hennar, Trollhufsa, sur som ei eddikkrukke og glor ut i lufta. Trollmor rører i den store gryta med barkegraut. Spetakkelet frå trollungane aukar på.

«Kan du ikkje hjelpe meg med å få desse ungane til å slutte og bråke!» ropar Trollmor. Det kjem ikkje noko svar frå Trollhufsa. «Trollhufsa!» ropar Trollmor endå høgre.Trollhufsa reiser seg sakte opp. Ho stiller seg midt på golvet i hola og ropar: «STILLE!»

Straks er alt stille. Trollungane har respekt for storesøstera si. Alle ungane set seg ned og stirer på Trollmor. Men snart gneldrar dei munnen på kvarandre igjen: «Er det mat snart?» Har vi berre barkegraut i dag også?» «Eg er så lei av den dumme grauten!» «Kan du ikkje lage noko anna?»

Akkurat då høyrer dei pusting og stønning frå inngangen til hola. Alle snur seg for å sjå. Der kjem Trolltufsen, Trollgufse og onkel Trollfjoms baksande inn med noko stort mellom seg.

Alle troll, små og store stimlar saman rundt dei. Då dei tre pustande, pesande trolla set frå seg det dei ber mellom seg, og ryggar tilbake, høyres ein sus frå trollflokken.

Trollgufse kremtar høgtideleg: «Dette er sjølvaste julebjella! Det er ho som gjer at nissane alltid har det så kjekt i jula!» «Og alltid har god graut, kaker og julepynt» held Trolltufsen fram. No fortel dei om då dei spionerte på nissane, etter endeleg å ha funne ein av inngangane til nissestaden deira. Dei måtte ha med seg ein til for å hente bjella, og få den med seg oppetter den bratte fjellsida til trollhola – og dessutan finne på litt rampestreker for nissane, det var derfor dei hadde vore som snarast innom og henta onkel Trollfjoms. Trolla dansar av glede rundt julebjella til natta tar slutt, og morgonlyset er på veg. Då er det sovetid for troll.

 

Vi gjer eit hopp fram til neste natt, der dei fem venene er på leiting etter julebjella i snødrevet. Dei er temmeleg motlause der dei står i mørkret og ikkje finn eit einaste spor. Det er då Sivert hugsar korta han har i lomma.

«Kanskje korta kan hjelpe oss?» seier han, og finn dei fram frå lomma si. Jenny lyser med lommelykta på det øvste kortet. «Ein katt? Og spor i snøen?» seier ho forundra. Men dei ser ingen katt rundt seg, der dei står. «Eg trur vi må sjå etter den steinen» seier Sivert og peikar på kortet. «Sjå», seier Jenny, «det ser ut som det er spor som går rett bort til ei mørk hole, kanskje katten kan vise oss staden julebjella er gøymt?»

Dei lyser rundt seg der dei står, og skimtar noko som liknar på ein stein litt lenger borte. Det viser seg at det faktisk er ein stein, det er berre så vidt dei kan sjå han under all snøen. Då dei er nesten borte ved steinen høyrer dei ein lyd: «Mjauuu!» Dei ser på kvarandre, og går nærare steinen. Der kjem det fram ein liten katt som ser på dei med hovudet på skakke. Katten byksar med lange hopp i snøen – dei fem venene stampar i djupsnøen så fort dei klarer, men det er tungt å gå. Kvar gong dei trur dei har mista sporet, dukkar katten opp igjen. Det er heilt tydeleg at han viser dei vegen.

«Det ser ut til at vi må oppetter denne fjellsida!» seier Nissejens, som går fremst. «Eg kan sjå ein sprekk der oppe!» seier Jenny. Katten, som no er langt framom dei, hoppar oppetter fjellsida mot sprekken, men så er han vekk. Han er ikkje å sjå nokon stad.

«Eg trur det er dit vi skal», seier Nisseguri. Jenny og Sivert er slitne etter å ha gått så langt i den djupe snøen, men dei klarer å gå litt til. I alle fall etter at Nissetruls finn fram litt nistemat som dei kan styrke seg på. Dei går vidare oppetter fjellsida.

«Hysj, eg høyrer noko», kviskrar Nissejens. Dei stoppar, lyttar – og høyrer no tydeleg mumling og snakking inne frå hola. Dei nærmar seg forsiktig, gøymer seg tett ved holeinngangen, bak nokre steinar, og gløttar forsiktig inn i hola.

«Kvifor i all verda er det ikkje skikkeleg graut her no då?» brummar eit stort, rufsete troll. «Eit av dei andre trolla klør seg i hovudet: «Det tar vel litt tid før bjella virkar, kanskje.» Eit anna troll ropar:« Vi må pusse og gnikke på bjella! Det gjorde nissane!» Dermed er alle trolla i full sving med å pusse bjella med mosedottar. No blir den enda blankare. «Er det graut i gryta no då?» spør eit anna troll. Alle trolla stimlar saman rundt den store kopargryta som står over varmen.

Jenny og Sivert ser på kvarandre. «Det er akkurat den gryta vi såg på kortet», kviskrar Jenny, så stilt at Sivert så vidt kan høyre. Han nikkar.

«Æsj», kjem det frå eit av dei små trolla, «same, sure barkegrauten!»

«Vi skal nok få bjella til å virke», seier ei, som Jenny og Sivert skjønar må vere trollmora. «No kviler vi oss litt, så kjem vi sikkert på noko lurt. Klarar nissane å få bjella til å stelle  i stand til jul, skal vel vi klare det.»

«Vi må finne ein lur gøymestad for bjella», seier eit av trolla. «Tull og tøys, vi er no her alle og passar på» svarar eit anna. «Ein veit aldri kven som er ute og luskar», seier endå eit anna troll. «Eg veit det, eg veit det!» pip eit av dei minste trolla, «Vi gøymer ho i gryta!» Det ser ut til at trolla synes det er ein god idé. Bjella blir løfta opp i gryta. Trolla legg seg i krikar og krokar på golvet i hola, og snart snorkar dei.

Utanfor hola sit dei fem modige venene gøymt. Dei veit dei må få tak i bjella. «Dette klarer vi aldri!» kviskrar Nissejens. «Trolla er farlege!» «Ja, dei er sikkert farlege», seier Jenny, «men eg trur ikkje dei er så lure!» «Eg trur eg veit kva vi må gjere», seier Sivert.