Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 8

Foreldra til Jenny og Sivert hadde oppdaga at dei hadde gløymt både gåver og julepynt då dei skulle pynte til jul i hytta. Det var endå nokre dagar til jul, men på tide å finne fram det dei likte å pynte med heime hos seg sjølve. Dei visste kor viktig det var for barna at alt var på plass for å få ei fin julefeiring. Dei blei derfor ganske forundra då barna ikkje såg ut til å bry seg i deg heile tatt.

Denne dagen såg ut til å bli ein flott vinterdag på fjellet. Begge familiane pakka sekkane sine med nistemat, og etter at Jenny og Sivert hadde mata fuglane – den gamle, krokete fura var framleis full av kvitrande fuglar, og søskenbarna passa godt på at dei hadde mat nok – blei det ein lang, fin skitur.

«Fortel meir om tippoldefar Jakob», seier Sivert då dei sit ved bålet om kvelden. «Eg møtte han aldri», svarar far, «han døydde før vi var fødd» – han nikkar mot mor til Jenny. «Men bestemor brukte å fortelje oss historier om han. Han likte seg veldig godt her på fjellet, han kunne halde til her i vekesvis, særleg på sine eldre dagar.» Mor til Jenny held fram: «Han var visst veldig glad i dyr. Han visste alt om kor dei heldt til, og kva som skulle til for å hjelpe dyra, om det var lite mat, eller noko hadde skjedd. Folk lurte på kvifor han visste så mykje om dyra, men det var vel noko han lærte seg, sidan han var så mykje her oppe.»

Om kvelden sit Jenny og Sivert på hemsen. Dei opnar skapdøra der korta ligg. Øvst i bunken ligg det eit kort med bilde av ei stor kopargrytre. Oppi gryta står ein sopelime.

«Den gryta må vere diger», seier Sivert, «sidan det er ein kost og ikkje ei sleiv til å røre i maten med!»

«Eg lurer på kva som hender hos nissane» seier Jenny tankefull. Dette bildet av gryta må vere viktig! Fotspora på kortet i går, også. Eg trur nissane treng hjelpa vår!» Dei to barna ser på kvarandre, og begge veit at dei må klatre ut av vindauget denne natta også. Men dei kan ikkje gå ut så lenge foreldra er vakne. Dei bestemmer seg for å sove på skift til alt er stille i hytta, og dei vaksne søv.

Det er då det er Jenny sin tur til å vere vaken at ho høyrer eit dunk på vindauget. Alt er stille i hytta, så alle søv. På vindauget er det merke etter ein snøball!

«Kom igjen – eg trur vi blir henta» kviskrar Jenny, og ristar Sivert vaken. Han sprett opp, dei opnar vindauget, og klatrar ned taustigen som dei slepp ut gjennom vindauget. Jenny har rett, i snøen ved hytteveggen står sleden, berre Nissejens er oppi sleden denne gongen, og fuglane står klare til å lette. Nissejens ser bleik og bekymra ut.

«Har det skjedd noko?» spør Sivert.

«Ja, det skal vere visst!» svarar Nissejens. Det ser ut som han har tårer i auga. «Julebjella vår er sporlaust borte! Eg er redd ho er blitt stolen!» Jenny og Sivert stirer forskrekka på han. «Utan julebjella blir det ikkje jul – ikkje hos nissane – og ikkje hos menneska.» Nissejens ristar sørgmodig på hovudet. No er dei i lufta. Heller ikkje denne gongen blir det leik og moro på turen, fuglane flyg rett fram. Det tar ikkje lange stunda før dei landar ved nissedøra. Framfor ho står det to nissar på vakt.

«Kom, eg skal vise dykk noko», seier Nissejens. Inne hos nissane er det ei sørgeleg stemning. Alt er stille. Ingen spring glade rundt og styrer med juleførebuingar, slik dei hadde gjort sist Jenny og Sivert var her. Alle ser triste ut, gløttar berre så vidt opp på barna. Nissejens går framfor dei til nisseverkstaden. Han peikar på det som ligg strødd rundt på golvet. Det som sist hadde vore dei flottaste leiker av alle slag, er no knust og øydelagt. Bitar og deler av leikene ligg i haugar på golvet.

«Dette skjedde i går natt, etter at vi hadde køyrt dykk heim med sleden», seier Nissejens med gråt i stemma. «Det var då julebejella forsvann, også. Utan at vaktene utanfor såg noko, og alle vi andre nissane sov.»

No viser barna fram korta, både det med fotspora og det andre, med gryta.

«Mistanken vår stemmer nok», kviskrar Nissejens. Det er trolla som har vore på ferde. Berre troll har seks tær. Denne streken mellom fotspora er spor etter ein trollhale.»

«Dette må vi finne ut av!» seier Jenny. «Men det kan bli farleg, det må de vere klar over», seier Nissejens alvorleg.

Men Sivert og Jenny vil hjelpe. Dei vil då ikkje at jula skal bli øydelagt for både nissar og menneske.

«Vi må legge ein plan!» seier Sivert. Snart har dei funne ut kva som må gjerast. Saman med Nissejens, Sivert og Jenny, skal to av dei modigaste nissane gå på leiting etter julebjella. Dei to modigaste nissane er Nisseguri og Nissetruls. Det er faktisk berre dei to av alle nissane som ikkje dreg nissehuene nedover ansiktet, då Nissejens spør etter frivillige til å bli med på ekspedisjonen.

Dei tre nissane og dei to barna er ute i snøen. Først må dei finne fotspora det er bilde av på kortet. Dei skjøner at trolla ikkje kan ha gått inn hovudinngangen, gjennom døra. Men den kalde gufsen dei hadde kjent då det var nissefest, måtte likevel vere at trolla hadde opna hoveddøra på gløtt og spionert på nissane. Då hadde dei sjølvsagt fått med seg alt om den magiske julebjella. Det er to inngangar til nissane i tillegg til døra. Den eine er ved ein stor stein. Der finn dei ingen spor. Den andre er midt mellom fem furuer som står i ein ring. Der er det ein lem i bakken, som til ein jordkjellar. Der ser dei spor! Trolla har hatt det så travelt at dei ikkje har klart å koste bort alle spora etter seg, sjølv om dei hadde prøvd. Fem par skarpe auge leitar opp det eine sporet etter det andre. Innimellom skottar Nissejens litt engsteleg opp mot himmelen. Det er ei mørk natt. Månen og stjernene er skjult bak skyene. Plutseleg kjenner Sivert eit snøfnugg på nasen – og snart fleire!

«Det var det eg var redd for!» seier Nissejens. Snøen vil snart skjule spora heilt. Kva gjer vi no?»

Snøen lavar ned. Dei kan knapt sjå ei hand framfor seg, sjølv om nissane har parafinlykter, og Sivert og Jenny har med kvar si kraftige lommelykt. Spora kan dei berre gløyme å gå etter. Dei finn ikkje ein gong igjen sine eigne fotspor.

«No finn vi ikkje vegen tilbake, heller» seier Jenny engsteleg.