Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 7

 

Nissejens ser alvorleg på Sivert og Jenny.

«Det er noko som ikkje er som det skal», seier han. «Det kan vere fare på ferde. Eg trur det er best vi fraktar dykk trygt tilbake til hytta.»

Den kalde trekken dei hadde kjent for litt sidan er borte. No er det berre den lune peisvarmen og lukta av julekaker  dei kjenner igjen. Men dei to barna ser at nissane er urolege. Nissejens sender to nissar for å sjå om det er uvedkommande ved den skjulte inngangen. Dei kjem snart tilbake og seier at det ikkje er nokon der.

«Vi har andre inngangar også, men dei har ikkje vore i bruk på hundrevis av år. Dei vil ingen finne. Vi får halde vakt ved hovudinngangen!» seier Nissejens til dei andre nissane. «Kom igjen» ropar han til Sivert og Jenny, «opp i sleden!»

Heimturen i sleden blir utan krumspring og moro. Det verkar som dei har det travelt, for fuglane flyg strake vegen gjennom lufta. Ingen av nissane som er med hoiar og ler. Nissejens ser alvorleg ut. Sleden landar mjukt i snøen utanfor hytteveggen. Ingen ramlar ut.

«Skund dykk inn!» seier Nissejens. Jenny og Sivert gjer som han seier, og klatrar opp taustigen som framleis heng ut gjennom vindauget. Dei dreg opp stigen etter seg, og blir ståande ei stund og sjå etter fuglesleden og nissane, som snart forsvinn ut av syne i den mørke vinternatta.

«Kva kan ha hendt, trur du?» spør Sivert. «Eg veit ikkje, men nissane såg redde ut» svarar Jenny. «Skulle ønske vi ikkje blei sendt heim – vi kunne hjelpe nissane med å finne ut kva som går føre seg», seier Sivert. Før dei legg seg til å sove ser dei på julekorta.

«Tenk at desse korta har tippoldefar og gamlenissen sendt til kvarandre!» seier Jenny. «Og tenk at korta no fortel oss viktige ting!»seier Sivert. Dei ser på det kortet som no ligg på toppen av bunken. Det er bilde av eit fint vinterlandskap: snø, nokre tre og busker. «Kva i all verda kan dette vere?» undrar Sivert. Jenny ser nøye på bildet. «Det er noko her i snøen», seier ho, «ser du dei mørke flekkane?» Sivert lyser på bildet med lommelykta. Då ser dei kva det er: fotspor i snøen!

«Dei ser store ut», kviskrar Jenny. Ho kjenner som ei kald iling nedetter ryggen. «Det er noko underleg med desse spora» seier Sivert. «Sjå, det ser ut som det er seks tær – ikkje fem! Kven i all verda er det som har seks tær – og er stor?

«Kva kan denne streken mellom spora vere?» lurer Jenny på.

Dei blir liggjande lenge og kviskre saman. Dei lurer på korleis det går med nissane, kven sine spor dei ser på kortet. Dei håper det ikkje hender noko alvorleg.

 

Neste morgon vaknar dei to søskenbarna av klirring av koppar og fat – og skjønar dei vaksne har frukosten klar. Sivert og Jenny er ganske trøytte etter turen om natta, men dei vil ikkje fortelje noko om det dei har opplevd. Dei merkar fort at det er ei underleg stemning ved frukostbordet. Dei vaksne ser ut på kvarandre med triste auge.

«Kva er det med dykk?» spør Jenny. «Har det hendt noko?» held Sivert fram.

Då fortel foreldra deira: alle julegåvene er gløymt igjen heime!

«Det blir ei stusseleg jul her utan gåver!» seier far til Sivert. Dei fortel at dei hadde samla alle gåvene i ein sekk, og hadde tenkt å setje den inn i bilen til slutt, men gløymde det!

«Det same hende oss», seier Jennys mor. «Det var slikt stress for å komme seg av garde før det blei for seint – de veit, heim frå jobb, ete, pakke, gjere alt klart.»

«Som om ikkje det var nok har vi gløymt all julepynten også», held Siverts mor fram.

«Vi er veldig lei for det», seier far til Jenny. Barna ser på kvarandre. Dei har sjølvsagt gledd seg på julegåver. Men samtidig kjennes det ikkje så viktig ut, her dei er på fjellet, for hovuda deira er fylt med eventyret dei er midt oppi, som dei vaksne ikkje veit noko om. Som på eit signal seier dei to i munnen på kvarandre: «Det går bra, det gjer ikkje noko!» Fire par foreldreauge stirer forundra på barna.

 

Samtidig går det føre seg ein samtale mellom to langt ute fjellet.

«Tenk det, du – no veit vi kvifor nissane alltid har det så fint i jula! Kvifor dei har god graut, fin pynt, gode kaker, gåver, fest og moro – mens vi må ete sur barkegraut, kranglar og slost», seier den eine.

«Vi må skunde oss til dei andre. Her skal det leggjast ein plan!» kjem det frå den andre. Begge ler kort og hardt. Den latteren lovar ikkje godt.