Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 4

Det er Sivert som skal vere vaken først. Jenny pakkar seg godt inn i dyna, men soving blir det ikkje noko av. Det kjennes ut som om magen er full av sprettballar, synest Jenny. Ho er så sikker på at noko skal hende at ho klarer ikkje sove for alt  verda. Sivert sit med kortbunken i handa. «Var det ikkje kortet med bildet av fuglane som låg øvst i sta?» spør han. Jenny sprett opp. «Sjå her kva som ligg øvst no» seier han, og held fram eit kort så Jenny får sjå.

Jenny stirer på kortet. Fire smilande nissar ser tilbake på Jenny frå kortet.

«Jenny», kviskrar Sivert, «sjå!» han stirer med vidopne, kulerunde auge mot vindauget. Jenny snur seg,  og ser rett på ein av dei nissane ho akkurat såg på kortet! Nissen med den rade hua er rett utanfor vindauget deira! Han vinkar til dei, som om han vil ha dei med ut! Sivert og Jenny ser på kvarandre. «Det var det eg visste – det ville hende noko! Eg trur det var han som var utanfor vindauget i går natt også!»

«Skal vi gå ut til han syns du?» spør Sivert, «Eg trur han vil vise oss noko!»

«Klart vi går!» seier Jenny, og er allereie på veg ned stigen frå hemsen. Sivert er ikkje sein om å klatre etter. Men i farta gløymer dei å ta med seg lommelykta, og nede på stua er det heilt mørkt. Jenny, som listar seg så stilt ho kan mot døra, ser ikkje sinkbøtta som står rett ved døra, den bøtta som alltid står der, og som dei brukar til å hente inn snø dei skal smelte til vatn. Jenny går rett på bøtta, bøtta velter, og Jenny ramlar på golvet. Sivert snublar i Jenny –  no ligg dei og baksar på golvet, begge to, med armar og føt til alle kantar, mens sinkbøtta rullar rundt mot stolar og bord. Det blir eit forferdeleg spetakkel! Straks går dørene til soveromma opp, og der spring fire forskrekka foreldre ut på stua. Dei har ikkje gøymt lommelyktene, og lyser rett på Sivert og Jenny som ligg og kavar på golvet.

«I all verda», seier mor til Jenny, «går de i søvne?»

«De har no vel ikkje tenkt å gå ut på fjellet midt på natta?» utbryt far til Jenny. Han har sjølvsagt sett at både Sivert og Jenny allereie har fått på seg huer og skjerf.

«Det er nok berre å komme seg i seng igjen», seier Siverts far, mora nikkar og er heilt einig. «Vi skal ikkje ha barn ute på nattevandring!» seier ho bestemt.

Sivert og Jenny ser på kvarandre og skjønar at her er det ingen veg utanom å gjere som dei får beskjed om. Dei vaksne er ganske strenge i stemmene. Slukøra tuslar dei opp stigen til hemsen igjen. Dei legg seg under dynene, og ligg lenge heilt stille. Men å sove er ikkje råd. Når dei har vore stille så lenge dei klarer, og er sikre på at dei vaksne har sovna, tittar dei forsiktig fram frå dynene, og ser ut av vindauget. No er det ingen nisse å sjå, sjølvsagt.

«Så dumt!» seier Sivert. «Kanskje nissen ville vise oss noko viktig!» «Så ergeleg at eg snubla i den dumme bøtta!» seier Jenny, mens ho klistrar nasen til vindauget for liksom å sjå betre ut i den mørke vinternatta.

Det var visst lurt å stire litt ekstra godt ut av vindauget, for no smiler Jenny lurt: «Vi skal nok få sjå kva nissen ville», seier ho, mens ho løfter forsiktig opp haspene på vindauget, og opnar det. Sivert ser ut, og no må han også smile. Festa til karmen heng ein taustige som går heilt ned til bakken! Dei er snare å få på seg skjerf og huer igjen, denne gongen gløymer dei ikkje lommelykt. Sivert kliv ut av vindauget og klatrar forsiktig ned taustigen. Jenny kjem rett bak.

I snøen ser dei slike spor dei hadde sett før. Fullt av fuglespor, strekar, og små fotspor som dei no er sikre på må vere nissens fotspor.

«Kva no?» seier Jenny. «Neimen om eg veit», svarar Sivert. «Kanskje dei gamle korta kan gje oss eit tips?» «Ja, det var ingen dum idé», seier Jenny. Korta har faktisk vist oss akkurat det som hender – sjølv om eg ikkje anar korleis det kan gå til!» Jenny held taustigen i ro, mens Sivert klatrar fort opp og inn gjennom vindauget. Snart er han ute igjen, og har kortbunken med seg. No lyser dei mot det kortet som ligg øvst i bunken – det er ikkje nissekortet lenger, men eit anna! Akkurat då høyrer dei en lyd rett over seg. Dei vender blikka oppover mot himmelen. «Desse korta, dei må vere magiske!» kviskrar Sivert, mens Jenny nesten gløymer å puste. Med store auge stirer dei opp mot det som nærmar seg.