Publisert på

«Den magiske julebjella» kapittel 3

Dei listar seg så stilt dei kan, dei vil ikkje vekke dei vaksne. Då blir det berre spørsmål om kva dei skal ute å gjere, midt på natta. Sivert hugsa på å ta med lommelykta. Dei går forsiktig rundt hjørnet på hytta og ser seg rundt til alle kantar. Alt er stille rundt dei. Månen skin bleikt på himmelen, nordlyset dei såg tidlegare på kvelden er borte. Ei sky nærmar seg månen, som har ein kvit ring rundt seg. Bitte små snøfnugg dalar sakte ned på hovuda til Sivert og Jenny. Dei rundar forsiktig hjørnet på hytteveggen. Sivert lyser i snøen ved veggen der vindauget på hemsen er. Først ser dei ingen ting, men så kviskrar Jenny: «Sjå, rett der borte – der ligg det noko i snøen!»

Dei bøyer seg ned, og der, i lyset frå lommelykta ligg det ein liten fugl!

«Er han død?» spør Jenny. «Nei, men det kan det hende han blir om han ikkje får hjelp!» seier Sivert. Dei høyrer ein lyd, og kikar begge mot den gamle, krokute furua som står rett ved. I lyset frå lommelykta ser dei ein heil flokk med fuglar. Nokre er akkurat som fuglen på bakken, nokre har raudt bryst , andre gult, andre igjen er grå. Dei sit heilt roleg i treet.

«Så rart at dei ikkje er redde for oss», seier Jenny.«Var det kanskje desse fuglane du såg i vindauget?» spør Sivert. Men Jenny er heilt sikker på at det ikkje var fuglar ho hadde sett.

«Vi må hjelpe denne stakkars fuglen», seier Jenny. Borte ved bålplassen, som er heilt nedbrent, er det framleis litt varme igjen i steinane rundt bålet. Dei tar med eit par steinar bort til den gamle furua, passar godt på at det ikkje er glør med. I vedskjulet hentar dei vedkubbar som dei stablar opp til et lite hus. Inni huset legg dei steinane, og dekkjer dei med granbar. Sivert legg vottane sine oppå. Jenny løftar forsiktig den urørlege fuglen opp i hendene sine. Ho kan kjenne det vesle fuglehjartet banke. Så varleg ho kan legg ho fuglen inn i det vesle huset. Der får han litt varme og ly for snøen som  dalar ned rundt dei.

No listar dei seg inn i hytta igjen. I kjøkkenskapet finn dei knekkebrød. Etter litt romstering smiler Sivert nøgd, han har funne ein heil pose med solsikkefrø. Vel ute igjen børstar dei bort snøen som ligg inntil stammen på fura, og strør solsikkefrøa og  knekkebrødsmulane på bakken rundt trestammen.

«Eg trur vi må gå inn igjen, elles tør ikkje fuglane ta maten», seier Svert. Jenny er einig. Før dei går inn lyser dei på bakken der no eit nytt snøteppe er i ferd med å leggje seg over det gamle. Men endå kan dei sjå dei rare spora dei hadde sett før. No skjønar dei kva det er: det er tett i tett av fuglefotspor! Men innmellom ser det også ut som vanlege fotspor, nesten som små menneskespor. Dei kan også sjå lange strekar i snøen. «Kva er dette?» spør Sivert, «har det stått noko her i snøen? Noko som har laga desse lange strekane?»

«Kan det vere ein spark, eller kjelke, kanskje?» undrar Jenny.

Dei listar seg inn igjen. Sivert, som la vottene sine i det vesle vedkubbehuset frys på fingrane.

Oppe på hemsen igjen blir dei liggjande lenge og sjå ut av vindauget. Men ute ved furua er det mørkt og stille.

Sivert hentar dei gamle postkorta. Øvst i bunken ligg no eit kort med bilde av to fuglar.

«Det er ein slik fugl som låg i snøen», kviskrar Jenny. «Men kvifor ligg dette kortet øvst no  – er det nokon som vil fortelje oss noko?»

Om morgonen vaknar de to søskenbarna på hemsen samtidig. Utanfor hytteveggen er det eit lurveleven utan like! Dei kikar ut av vindauget, og ser fullt av fuglar i alle fargar som flaksar rundt, nappar i seg solsikkefrø og knekkebrødsmular – og innimellom munnfullane kvitrar, fløytar og syng dei av full hals!

I dag skal det hoggast ved, Sivert og Jennys jobb er å stable veden i vedskjulet. Dei vaksne må mange gonger stoppe opp i arbeidet og undre seg over den store fugleflokken som held til i den gamle furua, men dei to barna seier ingen ting. Innimellom er dei begge inne på kjøkkenet for å hente meir knekkebrød. Dei kikar inn  i det vesle vedkubbehuset under treet, men fuglen dei la inn der om natta er borte.

«Då har han klart seg», smiler Jenny. På greinene i den gamle furua kvitrar dei, fuglane, nøgde og mette.

Denne kvelden sit dei også rundt bålet. Far til Sivert fortel, og etterkvart er det som om mor til Jenny også hugsar dei gamle historiene dei høyrde som barn. Dei to er søsken, og var ofte på denne hytta då dei også var barn. Dei fortel om oldefaren sin, Jakob. Det var Jakob som i si tid bygde hytta. Gjennom åra har ho blitt bygd på med fleire rom, men den gamle delen, med stua, kjøkkenkroken og hemsen er akkurat som før. Sivert og Jenny visste ikkje at foreldra deira kunne så mange historier, historier dei aldri har høyrt før, om blåfolket, om nissane og trolla. Det er som om bålet og vinterkvelden og den gode stemninga får dei til å hugse. Barna har aldri møtt Jakob, tippoldefar sin. Det er mange år sidan han levde.

Oppe på hemsen finn Jenny og Sivert fram dei gamle postkorta igjen.

«Kanskje det er tippoldefar Jakob sine kort?» undrar Sivert. Også denne natta vil dei sove på skift. Dei er sikre på at noko vil hende denne natta også. Det skal vise seg at dei har rett.